Hopp til innhold

Konkurs i reiseselskap kan koste nordiske sydenturistar dyrt

Marita Aarvik og andre nordiske sydenturistar kan sjå langt etter pengane sine etter at reisebyrået Detur denne veka vart slått konkurs.

Detur fly Vigra

KONKURS: Reisebyrået Detur vart denne veka slått konkurs.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Marita Aarvik var ein av Detur-kundane som måtte betale dobbelt opp då hotellet hennar hevda at reisebyrået ikkje hadde betalt for opphaldet.

I tillegg til 10.000 kroner i ekstrakostnader fekk ho beskjed om å reise heim ei veke tidlegare.

Trøysta var at pengane ville bli refundert. Det var iallfall lovnaden ho fekk.

For denne veka vart selskapet slått konkurs.

– Det var kjipt å miste ferien, men det tyngste er å ikkje vite om eg får att pengane, seier Aarvik.

Det kan ho neppe forvente.

NRK har vore i kontakt med fleire eksperter som fortel at Aarvik og resten av turistane kan sjå langt etter å få ekstrakostnaden refundert.

Marita Aarvik må reise frå Alanya ei veke tidlegare enn planlagt

– Eg vert rett og slett rasande. Pengane eg har betalt ekstra, kunne eg har kjøpt meg ein ny tur for, seier Marita Aarvik.

Foto: Privat

– Kan sjå langt etter pengane

– Reiseforsikringa dekkjer ikkje ekstrakostnaden. Den er det Detur som er pliktig å betale tilbake, seier Thomas Iversen, som juridisk seniorrådgjevar i Forbrukarrådet.

Kommunikasjonsdirektør i Europeiske reiseforsikring, Andreas Handeland, føreslår å prøve andre vegar enn å gå via bustyrar for å få att pengane.

Dette gjeld også dei som fekk reisa kansellert, eller som vart send heim tidlegare enn planlagt.

Du kan sjekke med banken din om du har ei innebygd reiseforsikring i kortet ditt. Om ikkje, kan du prøve å søkje refusjon ved Kammarkollegiet, seier Handeland.

Detur var medlem i Kammarkollegiet, som er Sverige sitt svar på det norske Reisegarantifondet.

Den tyrkiske ambassaden i Noreg seier til NRK at det finst to ulike Detur-selskap, og at dette kan verke forvirrande.

For to år sidan fekk det Tyrkia-baserte hovudbyrået Detur ein nordisk avgreining i Detur Nordic, som held til i Stockholm. Det er sistnemnde selskap som no er slått konkurs.

Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonsrådgiver i Europeiske Reiseforsikring.

– Du kan sjekke med banken din om du har ei innebygd reiseforsikring i kortet ditt, seier Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonsdirektør i europeisk forsikring.

Foto: KILIAN MUNCH

Mykje skal til for å få refusjon

På Kammarkollegiet sine nettsider informerer dei om at kundar ikkje får refusjon dersom:

  • Du har berre kjøpt flybillettar
  • Det er flyforseinkingar
  • Du ikkje er nøgd med reisa di og ynskjer å reklamere
  • Pakkereisa di blir kansellert av andre grunnar enn at reisearrangøren blir insolvent eller går konkurs
  • Du kansellerer reisa sjølv

Iversen Forbrukarrådet seier resielystne ikkje kan verge seg mot konkursar, men at det er teikn dei bør vere merksame på.

– Dersom nettsida du skal bestille frå ikkje har kontaktinformasjon, forretningsadresse eller organisasjonsnummer bør du vere skeptisk, seier han.

Han legg til at andre varslelamper er dårleg språk og feilskrivne ord.

Mariat Aarvik seier til NRK at ho føler seg svindla.

– Eg vert rett og slett rasande. Pengane eg ha betalt ekstra, kunne eg har kjøpt meg ein ny tur for.