Hopp til innhold

Kongeparet fekk med smaksprøver: – Håpar det blir god stemning på kongeskipet i kveld

Kongeparet har eit sterkt ønske om å få høyre korleis folk har hatt det i pandemien. Tysdag fekk dei servert historier – og fekk med seg godsaker frå bryggeriet.

Kongeparet besøker Vestland

Ægir-gründer Evan Lewis fortel historia til bryggeriet til kong Harald og dronning Sonja som besøkte det lokale bryggeriet Ægir i Flåm tysdag.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Dette var ei kjempestor ære. At dei valde å leggje si første offisielle reise etter at landet blei stengt ned hit til Flåm er verkeleg kjempestas.

Det seier gründer av ølbryggeriet og reiselivsverksemda Ægir, Evan Lewis.

Normalt sett ville det vore mange turistar i Flåm no. Men bygda har gått frå over ein million turistar i 2019, til betydeleg færre i 2021.

– Vi har vore heldige som er så store i daglegvarehandelen. Men baksida er alt vi har tapt på at uteliv og reiseliv har vore stengt ned, seier Lewis til NRK.

Første offisielle reisa

Han lét seg imponere over korleis kongeparet hadde førebudd seg godt til besøket på bryggeriet.

– Det verka som dei var veldig engasjerte og interesserte i det eg hadde å seie. Dei stilte gode spørsmål og lurte veldig på korleis det hadde gått med oss under pandemien, seier ølgründeren.

Kong Harald og dronning Sonja er denne veka ute på si første offisielle reise i Noreg sidan nedstenginga 12. mars i 2020.

Hovudtemaet for turen er korleis folk og lokalsamfunn har handtert pandemien. I Flåm fekk dei kongelege snakke med fleire representantar for reiselivsnæringa.

– Vi vil jo veldig gjerne høyre litt korleis dei har takla denne situasjonen som er så vanskeleg. Det er for å få kunnskap om korleis dei eigentleg har opplevd situasjonen vi har hatt i 15 månader, sa dronninga då dei møtte pressa i Flåm.

Kongen trakk fram usikkerheita som noko av det som vore vanskelegast med koronasituasjonen.

– Det har vore ein lang maraton utan at vi veit når det er slutt. Det er vel det som tar tæra mest på folk, at dei ikkje veit kor lenge dette varer, sa Kong Harald.

Kongeparet besøker Vestland

SJÅ BILETA: Kongeparet er denne veka på besøk i Sogn og Fjordane.

Foto: Heiko Junge / NTB
Kongeparet er på si første offisielle noregsreise sidan landet stengde ned i mars 2020.

Fekk med smaksprøver

På Ægir fekk kongeparet også høyre historia om korleis Evan Lewis og kona Aud Melås starta det heile i 2004.

– Fekk dei smake på varene?

– He he, nei. Men dei fekk med seg smaksprøver på alt frå øl til akevitt. Så håpar det blir god stemning på kongeskipet i kveld, seier Lewis.

Kong Harald og Kongeskipet «Norge» reiste vidare utover Sognefjorden tysdag ettermiddag. Dronninga blei køyrd i politieskorte frå Flåm og utover langs Sognefjorden.

Ho er viden kjend som tur-dronninga, og det ville ikkje overraske nokon om ho legg inn ein fjelltur eller to under besøket i Sogn og Fjordane.

Dei skal også møte folk i Hyllestad og Florø i løpet av veka.

Kongeparet besøker Vestland

HEIA PÅ KONGEN: NTB sin fotograf fanga dette blinkskotet av Leander som var ein av få som fekk sjå kongeskipet og kongeparet på nært hald i dag.

Foto: Heiko Junge / NTB