Hopp til innhold

Kongen får to par jaktstøvlar frå Lærdal

Thomas Hjermann i Lærdal har i mange år vore både kleppar og jaktkamerat for kong Harald. I 75-årspresang gav han kongen to par nye jaktstøvlar.

Kongen og Thomas

GODE VENER: Kong Harald og Thomas Hjermann.

Foto: Mie Sundberg/Nyhetsspiller / NRK

– Han har fått to par jaktstøvlar, eit par med korte skaft og eit par med lange. For sist me møttest så hadde han så innmari slitne jaktstøvlar, seier Hjermann og ler godt.

På førre runde dag, då han fylte 70 år, fekk kongen laksefluge som Hjermann hadde bunde sjølv.

– Ein må finne på noko som har noko med det å gjere som vi driv på med, seier Hjermann.

Reknar kongen som god ven

Han legg ikkje skjul på at han set stor pris på kongen etter å ha kjent han i mange år.

– Eg reknar han som ein god ven. Han er veldig til å ta omsyn til folk rundt seg, har godt humør og er kjapp i replikken. Det er innmari mykje godt å seie om han som ven, og han gjer ein formidabel jobb som konge, seier Hjermann.

I 2007 var han invitert i kongen si private 70-årsfeiring. Om det blir noko 75-årsfeiring, veit han ikkje.

– Eg har ikkje høyrt noko, seier Hjermann.

Har mange år bak seg i Lærdal

Kongen sjølv har signalisert at han sparer feiringa til litt seinare i år når dronning Sonja også fyller 75 år.

Kongen har mange år bak seg som laksefiskar i Lærdal. Då NRK laga program om han i høve 70-årsdagen, fortalde han om mange gode minner frå indre Sogn.

– Eg var i Lærdal og fiska frå eg var 15 år og til eg var godt over 50. Så det vart mange år. I byrjinga var eg der i tre veker i slengen, fortel kong Harald.

Og det var jakt og fiske som førte til at Thomas Hjermann vart kjent med kongen. Han har vore med både som kleppar og jaktkamerat.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kong Harald V
Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Kongen kom inn på tunet

Han hugsar godt første gong han møtte kong Harald.

– Då kom han i tunet og skulle på hjortejakt på «jaktslottet», fortel Hjermann.

Og «slottet» det er snakk om, er ei hytte som ligg akkurat på kanten når du kjem så høgt som du ser i Lærdal.

– Du må gå opp dit, og det er bratt. Den gongen var det heller ikkje straum der. Det er så lita hytte at når vi ligg i køyene, så må vi avtale kven som skal ha føtene inst og ytst, fortel Hjermann.

Alle bur på eitt rom, og slikt blir det god stemning av. Men kanskje ikkje det ein tenkjer på når ein tenkjer på dei kongelege.

Vart handsama som alle andre

– Eg trur det var det som gjorde at han treivst så godt i Lærdal. Der var dei vane med å ha både fiskarar og jaktfolk, ofte folk som var litt kjende. Dei var der heile sommaren. Om han kom eller andre, så vart dei handsama slik at det ikkje var noko oppstuss, seier Hjermann.

Han fortel at kongen likte godt å ha Lærdal som ein fristad.

Kong Harald med laks i Lærdal

FISKELUKKE: Her er kong Harald med ein av fangstane sine i Lærdal.

Foto: Frå boka Sportsfiske i Lærdal

– Og så vart han kjend med mange artige folk som tok han med på mykje moro. Det var tungt for ein tenåring å miste mor si, og då var det nok godt å ha Lærdal som eit pusterom, trur Hjermann.

– Framfor alt er han ein lidenskapleg fiskar. Han strekkjer fiskeøktene og er ein svært flink fiskar, seier Hjermann.

Han innrømmer at han kjenner kongen ganske bra.

Fann kvarandre i fiskegalskapen

– Det er litt merkeleg å seie det. Men no er kongen 75 år, og mange av dei som han vart kjend med før, er av naturlege årsaker vekk, seier Hjermann.

Mellom annan var kongen sterkt knytt til klepparen sin, Olav Olsen. Olav var gudfaren til Hjermann, og slik hadde det seg at han fekk vere meir og meir med når kongen var på vitjing.

– Eg kom inn i det, og eg og er jo ulækjeleg fiskegal. Så vi fann kvarandre på breidda med same iver, seier Hjermann.

– Positivt for Lærdal

Han trur kongens besøk har hatt mykje å seie for Lærdal.

– Lærdølene har også vore flinke til å ikkje misbruke det i marknadsføringssamanheng. Men det er jo kjent, og det blir jo også sagt ifrå når han er på tur. Han har jo også vore med på nokon reportasjar. Det er klart at når kongen vel å fiske ein plass og omtalar elva så flott som han har gjort, så er det klart at andre får lyst til å prøve det same, seier Hjermann.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Kongen med latterbrøl

GLAD LAKS: Hjermann karakteriserer kong Harald som ein mann med godt humør og kjappe replikkar.

Foto: Nyhetsspiller

Treffest ved høve

Sjølv om kongen har slutta å jakte i Lærdal, fordi han meiner han seinkar jaktlaget i dei bratte sognefjella, så møtest karane innimellom.

– På jaktlaget i Sikkilsdalen treffest vi innimellom. Der hyggjer vi oss med rakfisk og skryter over kor gode jegerar vi er, ler Hjermann.

Han legg ikkje skjul på at han har sans for kongen.

Til sommaren opnar Lærdalselva att, og då er det godt mogleg at jubilanten tek ein tur.

– Eg har snakka med han om det, og så sant det er mogleg, så vil han gjerne komme nokon dagar, seier Hjermann.