Kongeleg brenneslesuppe

Klokka ti torsdag føremiddag kom kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit til Hornindal barnehage, der dei fekk smake brenneslesuppe.

Ingeborg Svor og Mathias Grodås ynskte kronprinsparet velkomen. Ordførar Bjørn Lødemel ser at det he
Foto: Øyvind Torvund / NRK

Det var femåringane Ingeborg Svor og Mathias Grodås som ynskte kronprinsparet velkomen til barnehagen, og barnehagestyrar Ann Iren Ulvedal gav dei kongelege ei orientering om barnehagen, som har markert seg på ulik vis.

 

Mathias Grodås og Ingeborg Svor fekk nærkontakt med Mette-Marit
Foto: Øyvind Torvund / NRK

Kunstatelier og kokebok

Barnehagen har mellom anna sitt eige kunstatelier, det fekk kronprinsparet omvising i. Dei fekk og lese i og vite meir om kokeboka som barnehagen har forfatta.

 

 

I Hornindal barnehage fekk kronprinsparet smake brenneslesuppe
Foto: Øyvind Torvund / NRK

- Suppa smakte godt

Så var det omvisning på uteområdet til Hornindal barnehage. Der fekk Haakon og Mette-Marit smake på brenneslesuppe. Mette-Marit sa at det smakte veldig godt, og at ho var svært imponert over det dei hadde fått til.

 

Det var ungane, ikkje dei kongelege, som bar krone i Hornindal
Foto: Øyvind Torvund / NRK

 

Folkefest i sentrum

Etter barnehagebesøket gjekk turen til Grodås sentrum, der det var folkefest med ein stor del av innbyggjarane i fylkets nest minst folkerike kommune til stades.

 

Mette-Marit fekk gåve i Hornindal
Foto: Øyvind Torvund / NRK

 

Kunst av Anders Svor

Kronprinsparet fekk også sjå ein del av skulpturane til Anders Svor. Ei miniutstilling var sett opp for dei kongelege på kommunehuset.