Kommunetilsett dømt for å ha chatta om seksuelle overgrep mot barn

Ein kommunetilsett i Sogn er dømt til fengsel i 60 dagar for å ha delteke i chattar som seksualiserer barn.

Sogn og Fjordane tingrett

DØMT: Sogn og Fjordane tingrett dømte den kommunetilsette mannen til fengsel i 60 dagar, der 30 av dagar er på vilkår. Varetektsfrådraget utgjer tre dagar. 

Foto: Oddleif Løset / NRK

I dommen frå Sogn og Fjordane tingrett kjem det fram at mannen frå Sogn ved fleire anledningar har chatta med andre om seksuelle overgrep mot barn eller delteke i chattar som seksualiserer barn.

Han er dømt til fengsel i 60 dagar, der 30 dagar blir gjort på vilkår med ei prøvetid på to år.

Det er eit frådrag for varetektsfengsling på tre dagar.

Tingretten har også avgjort at mannen får inndrege ein berbar PC og eit brukarnamn til Skype.

Chatta med sju personar

Sogningen skal ha vore involvert i nettsamtalar med i alt sju personar over ein periode på to år og fire månader frå slutten av 2013 til byrjinga av 2016.

Ifølgje dommen frå Sogn og Fjordane tingrett er det i saka snakk om skildringar av barn i eit alderspenn frå 9 til 17 år.

Har tilstått

Mannen har tilstått utan atterhald, noko retten reknar som formildande for straffeutmålinga.

Det straffbare forholdet blei avslutta februar 2016. Tingretten legg også vekt på at det har gått lang tid sidan det straffbare forholdet fann stad.

Retten viser også til at mannen på gjerningstidspunktet hadde det svært vanskeleg. Det er lagt noko vekt på i straffeutmålinga.