Kommuneoverlegen ser raudt: – Tiltaka er vanskelege å forsvare

59 kommuneoverlegar frå heile landet kritiserer regjeringa, som dei meiner innfører unødvendige koronatiltak.

Jan Helge Dale

RAUDT NIVÅ: Kommuneoverlege Jan Helge Dale likar ikkje at dei må ha heimeundervisning når dei knapt nok har noko smitte i Kinn kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Dei meiner at sentrale helsemyndigheiter under pandemien har informert kommunane på ein måte som har gjort lokalt smittevern- og beredskapsarbeid vanskelegare.

Det skrev dei tysdag i ei Ytring på NRK.no.

Kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn kommune er ein av dei 59 som har skrive under.

– Det er svært belastande. Vi er på vakt med mobiltelefonen ved sidan av oss nær sagt 24 timar i døgnet. Det er ikkje nødvendigvis det nyttige arbeidet som knekker oss, men det er når vi skal begynne å svare på ting vi faktisk tykkjer er vanskeleg å forsvare, seier han.

Tærer på kreftene

Han meiner dette tappar kommunehelsetenesta og legane for meir krefter enn anna arbeid dei meiner er naudsynt å gjere.

– Vi føler at vi har levert bra på det vi får lokalt. Vi har også lese oss opp på nasjonale føringar og nasjonale planar på det vi trur gjeld og skal vare. Men så kjem det stadig vekk nye reglar som vi ikkje får til å stemme med det terrenget vi opererer i.

Dale har vore aktiv lokalt i Arbeidarpartiet i Kinn og i Sogn og Fjordane. Han framhevar at ytringa ikkje er eit Ap-utspel.

Helseminister Bent Høie (H) seier han godt kan forstå frustrasjonen.

– Det er veldig vanskeleg når du er den øvste faglege ansvarlege i ein kommune og skal svare på alle dei vanskelege spørsmåla medan du får informasjon der og då gjennom ein pressekonferanse, seier Høie og legg til:

– Dette er noko vi no jobbar med for å bli endå betre og gjere det enklare for dei i kommunane.

Pressekonferanse om koronasituasjonen og Smittestopp-appen

FÅR KRITIKK: 59 kommuneoverlegar meiner at helsemyndigheitene med Bent Høie i spissen kommuniserer på ein måte som gjer lokalt smittevernarbeid vanskeleg.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

– Fører til meirarbeid

Kommuneoverlegane peikar særleg på dei nye tiltaka som kom for få dagar sidan, der det er innført raudt nivå på alle ungdomsskular og vidaregåande skular i landet.

– Det er ingenting lokalt som tilseier at det skal vere raudt nivå her, verken på ungdomsskular eller vidaregåande skular.

Når regjeringa og helsemyndigheitene presenterer nye tiltak på pressekonferansar, er ikkje dei lokale kommunelegane orientert på førehand.

Dette fører til mykje meirarbeid, meiner kommuneoverlegane.

– Ein time etter pressekonferansen renn det inn med spørsmål til oss som vi ikkje kan svare på, fordi vi ikkje logisk sett forstår kva vi skal svare, seier Dale.

Også kommuneoverlege på Askøy, Kristin Cotta Schønberg, har skrive under på kronikken.

– Det har tidvis vore tøft. Det gjeld å skilje mellom tiltak og anbefalingar, og kva det betyr for den einskilde. Når tiltak kjem brått på er det vanskeleg å gi trygg og god informasjon ut til vår befolkning, seier Schønberg.

Jan Helge Dale

KAN IKKJE SVARE: Dei lokale kommunelegane orientert på førehand av pressekonferansar. Det fører til mykje meirarbeid, meiner Dale.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Nokon gonger heilt feil

Mange kommunar med mykje smitte har i lengre tid hatt raudt nivå i skule og barnehage. For dei er dei nye tiltaka som kom no ikkje relevante, meiner legane.

– Eg kan ikkje sjå at dei tiltaka som kom på toppen no, automatisk hjelper så mykje meir i dei kommunane som har mykje smitte frå før. For oss som har veldig lite smitte, så blir det nokon gonger heilt feil, seier Dale.

Helsebyråd Beate Husa (KrF) i Bergen seier ho forstår kritikken og føler seg treft.

Seint i haust fekk byrådet mykje kritikk både frå eigen smittevernoverlege og opposisjon for handteringa av pandemien og for å ha innført svært strenge reglar.

– Når det kjem nye tiltak, enten dei er nasjonale eller lokale, skaper det informasjonsbehov og mange førespurnadar. Både vi og regjeringa må ta til seg det som kjem fram og sjå om vi kan gjere ting betre i andre rundar, seier Husa.

Beate Husa

TREFT: Både vi og regjeringa må ta til seg det som kjem fram og sjå om vi kan gjere ting betre i andre rundar, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 27.01.2021
1 915
Smittede/uke
120
Innlagte
556
Døde
80 358
Vaksinerte