Hopp til innhold

Kommuneoverlege vil unngå mykje folk på same stad: – Finn dei ukjende perlene

Turistnæringa blør og håper mange vil feriere i Noreg, men ikkje alle vil at vi skal samlast på dei mest populære destinasjonane.

Flåm stasjon med turistar

TETT: Det vere veldig tett med folk på Flåmsbana som er ein svært populær attraksjon.

Foto: Merete H. Høidal / NRK

– Sjølv om det er tidleg i sesongen, så skulle det nok har vore ein veldig trengsel her i dag, seier Arve Tokvam, som er direktør for investor relasions i Flåm AS.

Flåm samlar vanlegvis tusenvis av turistar kvar einaste dag, men for tida er det heilt folketomt.

Facebookgruppa «Tilbring sommaren i Noreg» oppfordrar no til nasjonal dugnad for å få folk til å bruke Noreg som reisemål. Også statsminister Erna Solberg har uttrykt at dette kan vere året for å feriere i vårt eige land.

Det skal gje fart i reiselivsnæringa, som no blør etter avbestillingar frå utanlandske turistar.

Arve Tokvam i Flåm AS

STILLE: Det er stille i Flåm. No håpar Arve Tokvam i Flåm AS på den norske marknaden, sidan dei utanlandske turistane ikkje kjem i år.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Fare uansett nasjonalitet

Kommuneoverlege i Aurland, Frode Myklebust, er bekymra for at det kan oppstå situasjonar der mange blir smitta når turistar samlar seg på tronge destinasjonar.

– Der folk stimlar tett saman er det fare for smittespreiing. Det gjeld uansett om det er nordmenn eller cruiseturistar, seier Myklebust.

Han seier sightseeingbussar, gondolbaner og til dømes Flåmsbana er turiststader som er spesielt utsette.

– Har du ein superspreiar, så vil den personen i ein tett buss eller tett saman med folk, spreie veldig mange på kort tid, seier Myklebust.

I Loen, lengst inne i Nordfjord, er Loen skylift blitt eit populært reisemål. Gondolvognene tek 35 pers kvar.

Dagleg leiar Richard Grov seier dei ventar spent på kva som kjem frå sentralt hald.

– Vi skal tilby trygg transport, og skal følgje alle dei krav og retningslinjer som kjem frå styresmaktene, seier han

Loen Skylift

POPULÆRT: Loen Skylift har blitt ein populær destinasjon for norske og utanlandske turistar. Richard Grov seier dei vil følgje nasjonale retningslinjer og gje passasjerane ei trygg reise med gondolbana.

Foto: Silje Guddal / NRK

Bruk landet

– Nordmenn må halde seg til smittevernreglane, men samtidig ta landet i bruk og sjå dei fantastiske opplevingane vi har her, seier Ole Michael Bjørndal som er næringspolitisk fagsjef i NHO Reiseliv.

Dei seier utfordringa er stor, spesielt sidan rammevilkåra og lønsemda blir utfordra.

– Dersom kundegruppa må halverast på grunn av smitteverntiltak, så er det kanskje ikkje lønsamt, seier Bjørndal, som trur kompensasjonsordninga for næringa må utvidast for å unngå ei konkursbølgje.

ole bjørndal

BRUK NOREG: Næringspolitisk fagsjef i NHO Reiseliv, Ole Michael Bjørndal, presiserer at det ikkje er forbode å reise rundt i Noreg. – Bruk restaurantane og hotell, seier han.

Foto: Per Sollerman/NHO

Ukjende perler

Folkehelseinstituttet (FHI) har i dag ikkje nokre konkrete reiseråd for innan- og utanlandsreiser i sommarferien, men seier til NRK at vi truleg må leve med forsterka smitteverntiltak ei god stund framover.

– Det vil truleg også legge nokre føringar på reisekativtet i månadane som kjem, skriv Trine Hessevik Paulsen som er lege i FHI.

Kommuneoverlege i Aurland vil helst at folk spreier seg og kanskje finn nye turdestinasjonar.

–Det er mange ukjende perler, seier kommuneoverlegen i Aurland.

Han meiner smitteverntiltak må trumfe ønsket om stor tilstrøyming.

– Det er fullt mogleg å drive stadane forsvarleg, men om ein misser kontroll på tilstrøyminga så aukar risikoen for smitte.

Frode Myklebust

VIL IKKJE NEKTE: Kommuneoverlegen for Aurland, Lærdal og Årdal, Frode Myklebus, t vil ikkje nekte folk til å reise til Flåm og andre kjente turistdestinasjonar,

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK