Hopp til innhold

Kommuneoverlege trassar råd: Ber folk droppe nasen og heller teste seg i halsen

FHI har enno ikkje fagleg grunnlag for å gjere om på rådet om å teste seg i nasen. I mellomtida tar fleire til orde for at det er betre å ta koronatesten i halsen.

Knut Cotta Schønberg

START MED HALSEN: Kommuneoverlegen i Luster, Knut Cotta Schønberg, tilrår folk å droppe nasen og byrje med halsen når dei hurtigtestar seg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Å teste i halsen er «meir effektivt», «meir treffsikkert» og «gjer at vi kan stole meir på resultatet».

Det seier kommuneoverlege i Luster i Vestland, Knut Cotta Schønberg, som no ber innbyggarane om å teste seg annleis enn det som er «offisiell lære».

Også immunolog og professor i medisin ved Universitetet i Oslo, Anne Spurkland, tek til orde for «uautorisert bruk» av testpinnane.

Start med å stryke pinnen bak i svelget der mandlane er, seier ho til TV 2.

Oppmodinga er i konflikt med FHI som framleis tilrår folk å følgje brukarrettleiingane som seier at hurtigtestar skal takast i nasen.

Førebels er dette den einaste metoden som er «godkjent for bruk», og eventuelle endringar må vere «godt nok fagleg dokumentert».

Hurtigtest

HALSEN: Å teste i halsen er «meir effektivt», «meir treffsikkert» og «gjer at vi kan stole meir på resultatet», seier kommuneoverlegen i Luster i Vestland.

Har fått med seg snakkisen

FHI stadfestar likevel at dei har fått med seg «snakkisen» om å teste i halsen, og seier til NRK at dei vil undersøke dette nærare.

Snakkisen kjem etter fleire oppslag i media der folk over heile landet har fortald om negative resultat når dei puttar testpinnen i nesa, og positive resultat så fort dei stikk pinnen i halsen.

NRK fortalde laurdag om Guro Birkeland Tangen som først fekk positiv svar på koronatesten då ho testa seg i halsen. .

Stavanger Aftenblad fortalde søndag om Touria Zouhir tok ni covid-testar, fire i nasen og fem i halsen. Alle testane frå nasen var negative, medan dei frå halsen var positive.

TV 2 fortalde laurdag om Siril Vatne Meling. Kvar morgon gjennom heile veka tok ho ein hurtigtest i nasen, med negativt resultat kvar gang. Så høyrde ho om «hals-trikset» og fekk positivt resultat med ein gong.

Line Vold i FOlkehelseinstituttet

LETTARE I HALSEN: – Det kan henda at det er slik med omikron at viruset er lettare å påvisa i spytt enn i nasen, seier Line Vold, avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

Foto: NRK

Europeisk møte

Sist veke møttest representantar frå folkehelse-myndigheitene i alle land i Europa. Hovudtema var hurtigtestar og omikron. Blant spørsmåla dei drøfta: Er det noko med omikron som gjer at varianten er lettare å påvise i spytt (halsen) enn i luftvegane (nasen)?

Det var Aftenposten som fyrst meldte dette.

Per i dag er det faglege grunnlaget lite, men det finst studiar som tyder på at virusmengda ved omikronvarianten er høgare i hals og spytt enn i nasen.

– Det kan henda at det er slik med omikron at viruset er lettare å påvisa i spytt enn i nasen, men det veit vi ikkje enno, seier Line Vold, avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

Ho legg til:

– Dette blir det gjort undersøkingar av no.

Marte Kvittum Tangen er leiar i Norsk foreining for allmennmedisin (NFA).

– Vi veit for lite enda. Det er teikn til at fleire testar positivt om halsprøve takast, men her trenger vi meir kunnskap raskt. Det er no vi raskt kunne rigga ein studie om vi hadde satsa meir på forsking i allmennmedisin.

Meldingar frå kommunelegar

Aftenposten skriv at FHI har fått meldingar frå kommunelegar rundt om i landet som lurer på kva for ein testmåte som er best.

I England og Israel er den offisielle tilrådinga å bruke testpinnen først i halsen og så i et nasebor for å gi meir nøyaktig svar.

Ein hurtigtest er 90 prosent sikker på å visa om du er smittsam eller ikkje, altså om det finst aktive viruspartiklar i kroppen din.

Ein hurtigtest og ein PCR-test skil seg frå kvarandre ved at hurtigtesten viser om du har virusprotein i luftvegane, medan ein PCR-test kan finna arvematerial frå viruset.