Hopp til innhold

Kommunen ville ikkje strø. Elevane måtte krabba opp spinnglatt skuleveg

BERGEN (NRK): Medan bilar ute av kontroll kom seglande ned bakken, kjempa eit hundretals barneskuleelevar seg opp den spegelblanke vegen.

Elevar ved Skeie skule i Bergen på isdekt skuleveg, Råtræet

GLATT LÆRING: Barneskuleelevane på Skeie skole krabba og fall i dag på den ekstremt glatte skulevegen som Bergen kommune i årevis har nekta å strø.

Foto: Tor M. Solheim

– Det var heilt forferdeleg å sjå. Dei fleste ungane fall og enda med å krypa til skulen, faktisk.

Det seier ein opprørt rektor Cecilie Abrahamsen på Skeie skole i Ytrebygda bydel i Bergen.

– Midt i det kaoset kom skulebussen. Elevane klarte ikkje å gå på fortauet og måtte gå midt i vegen. Mange elevar fall og slo seg stygt. Og det var jo så glatt at me ikkje kunne komma oss bort for å hjelpa dei.

BA omtalte denne glatte skulevegen først.

Bilar på glatta

Ho fortel at nokre av dei spant rundt og forsvann nedover vegen.

– Det kom bilar som mista kontrollen ned mot dei og blei ståande på tvers. Men heldigvis skjedde ingen alvorlege ting, fortel ho.

Det var livsfarleg og sinnsjukt!

Cecilie Abrahamsen, rektor

Svært mange fortau, gangvegar og stiar i Bergen har vore nærmast umoglege å forsera dei siste dagane. For då snøfall vart avløyst av ein lang og kald klarvêrsperiode og deretter mildare vêr, førte det til ekstremt isglatte tilhøve.

Skuleelevar og bil på isdekt vegbane, Råtræet ved Skeie skole i Bergen

LIVSFARLEG: Ein av bilane som kom «siglande» ned bakken der elevflokkane streva seg opp, vart ståande på tvers.

Foto: Svend Anders Gravdal

Usemje om ansvar

Mange stader er årsaka uklarheit og usemje om kven som har ansvar for drift og vedlikehald. Private, kommunen, fylkeskommunen eller Vegvesenet?

– Tilkomstvegen til skulen vår vil ingen i kommunen ta vedlikehaldsansvar for. Så det blir ei potensiell kjempefelle, med fare for elevane. Og når den andre tilkomstvegen til skulen er sperra av vegarbeid, har elevane våre ingen trygge stadar å gå, seier Abrahamsen.

Ho fortel at mange barn gret og var blitt klissvåte av fall og krabbing på den våte isen.

– Råtræet er ein vegstump på eit par hundre meter. Kommunen eig vegen, men har i mange år ikkje tatt ansvar for drift og vedlikehald. Sjølv om dette er skulevegen for 2–300 barn.

– Dumt og unødvendig

Ho fortel at om sommaren syklar elevane ned den holete vegen.

– Dette er ikkje greitt! Det er ei dum og unødvendig sak som lett kunne vore fiksa.

Elevar på isglatt skuleveg ved Skeie skule, Råtræet i Bergen

LITT TRYGGARE SKULEVEG: Nokre elevar valde å gå på muren for å unngå bilane på glattisen.

Foto: Svend Anders Gravdal

I dag har Abrahamsen gitt kommunen klar beskjed om at nok er nok.

– Me kan ikkje ha det slik at ungane kryp til skulen. Eg har møtt stor forståing og velvilje i kommunen i dag, så eg håpar dei no ordnar opp.

Lovar betring umiddelbart

Og det forsikrar avdelingsleiar Tord Holgernes i bymiljøetaten i Bergen kommune.

I dag har han avgjort at bymiljøetaten overtar mynde og ansvaret for å halda ved like denne vegen.

Fotografia som rektoren og bebuarar i vegen tok i dag, bidrog til å få fart i kommunen.

– Det er lett å forstå at barna er redde og dei vaksne frustrerte. I Råtræet skal situasjonen bli betre frå og med nuh!

Han forklarer at ikkje alle kommunale vegar er kommunal offentleg veg. Då har ikkje kommunen offentleg vegmynde med ansvar for drift og vedlikehald av vegen.

– Men har ikkje kommunen, akkurat som private vegeigarar, ansvar for å brøyta og strø vegane sine?

– Jo, men eg kan ikkje uttala meg på vegner av etaten som til no har representert kommunen som vegeigar i Råtræet.

Me fekk ikkje tatt alt i starten. Då ballar det jo på seg med islag.

Tord Holgernes, Bergen kommune

– No strør me alt

Klagene har strøymt inn til kommunen, parallelt med at hundretals pasientar per dag har kome med brotskadar på akuttmottaket.

Strødd glattis på skulevegen for elevar ved Skeie skule, Råtræet i Bergen

BETRE HEIMVEG: Då elevane gjekk heim i dag, var «isbanen» frå i dag tidleg endeleg strøydd.

Foto: Cecilie Abrahamsen

No lovar Holgernes strakstiltak.

– Me har sett 15–16 personar i gang med å rett og slett gå gjennom sentrum, frå Møhlenpris til Sandviken og frå Nordnes til Bystasjonen. Jobben er enkel: å strø det dei finn av islagde fortau, uavhengig av kven som eigentleg har ansvar der. Det er jo ein stor ansvarskabal i sentrum, men no strør me berre alt me kjem over.

– Korleis skal ein få rydda opp i ansvarsforvirringa?

– Me må sjå på samarbeidet med fylkeskommunen og Vegvesenet, og drøfta ting med våre leverandørar og internt. Me pleier å få dette betre til enn me har klart i år, og me er minst like frustrert som bergensarane over at det gjekk litt skeis denne gongen.

Trygt etter skulen

Han lovar at kommunen skal gjera alt dei kan for å unngå ein liknande situasjon neste gong Bergen får mildvêr etter kaldt vêr med nedbør.

Etter skuledagen på Skeie skule kunne elevane endeleg gå trygt ned bakken på strødd is.

– Men gå forsiktig likevel, seier rektoren til ein elev som kjem forbi.

Brøytebil i vegen Råtræet, Ytrebygda i Bergen

SEINT MED GODT: I kveld salta og skrapa kommunen omsider skulevegen for 300 barneskuleelevar ved Skeie skole.

Foto: Tor M. Solheim

Seinare på kvelden går kommunen endå grundigare til verks.

– Dei brøytar og saltar så mykje at det verkar som om dei har fått beskjed om at det ikkje skal vera eit snøfnugg eller ein issvull igjen i Råtræet i morgon tidleg! seier ein nøgd Tor M. Solheim som bur i vegen.