Hopp til innhold

Kommunen vart varsla i 2013, men sikra ikkje demningen: – Fare for mange menneskeliv

Ein gammal demning på byfjella i Bergen har i minst ti år utgjort ein alvorleg flaumrisiko for nesten 90 bustadar og for trafikken på E39. No får kommunen kraftig kritikk frå staten.

I det populære turområdet på toppen av Stoltzekleiven ligg den tidlegare drikkevasskjelda Storevatnet, no eit ynda badevatn.

Steindemningane vart bygde for rundt 220 år sidan. Dei oppfyller ikkje dagens tryggleikskrav og har no skader som kan få svært alvorlege konsekvensar.

– Viss det skulle skje noko gale med demningane på Storevatnet, kan det vera fare for mange menneskeliv.

Det seier seksjonssjef Lars Grøttå i Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Dersom demningen brest, kan det skapa storflaum nedover til Eidsvåg og ned til Munkebotn.

På begge stader passerer dessutan E39, som er hovudinnfartsåra til Bergen frå nord, og fleire andre vegar.

Ifølge dei nyaste «dambrotbølgeberekningane» (frå 2008) vil ein slik flaum kunna råka rundt 300 bygningar, inkludert nesten 90 bustadar og Sandviken sjukehus.

Det opplyser senioringeniør og vassdragsteknisk ansvarleg Rune Engesæter i det kommunale føretaket Bergen Vann.

Badevatnet Storevatnet ved turområdet Stoltzekleiven har ein gammal og ustabil demning.

Viss demningen bryt saman, kan det gi storflaum som kan ta mange menneskeliv.

Flaumen kan øydelegga bustadar og Bergens hovudinnfartsåre i Eidsvåg og kanskje Munkebotn.

Visualisering: Anders Nøkling

Tømte vatnet i vinter

Bergen kommune reduserte i vinter vasstanden i tolv vatn ulike stader. Størst nedtapping gjorde dei i Storevatnet. Det vart senka 4,3 meter, nesten tilbake til slik det var før demningane vart bygde i åra 1798-1805.

Grunnen til nedtappinga var risiko for at dei gamle demningane ikkje skulle tola trykket frå isen som la seg på vatna.

Men det er også risiko for dambrot under heilt normale forhold.

Det er utført beregninger som dokumenterer at dammen er beregningsmessig ustabil (dvs. at dammen er beregnet å gå til brudd) – selv i en normalsituasjon uten verken is eller flomstigning i magasinet.

Rune Engesæter, senioringeniør og vassdragsteknisk ansvarleg i Bergen

– Me vart gjort merksame på det som utløyste behovet for nedtapping i fjor haust, seier Engesæter.

Rune Engesæter, Bergen Vann

Rune Engesæter i Bergen Vann seier politikarane i Bergen no skal avgjera om demningen på Storevatnet skal rivast eller utbetrast.

Foto: Privat

Støtte men kritikk frå NVE

No har NVE vurdert om Bergen hadde lov til og burde ha tappa ned Storevatnet.

– Gjennomgangen kommunen gjorde i haust, viste store tryggleiksavvik på nokre av dammane. Då var det heilt riktig av dei å tappa ned ein del dammar for å betra tryggleiken, seier Grøttå.

No varslar NVE at kommunen må halda Storevatnet nedtappa inntil demningane anten er utbetra eller fjerna for godt.

Men NVE er langt frå nøgde med Bergen kommune sitt arbeid med tryggleiken i dei gamle dammane sine.

– Me har fleire gonger etterlyst framdrift i arbeidet med oppgradering av dei mange dammane generelt i Bergen. Dei har stadig utsett planane sine. Me har purra på kommunen fleire gonger, seier Grøttå.

Storevatnet ved Sandviksfjellet i Bergen. Nedtappa demning

Det populære badevatnet vart nedtappa i vinter på grunn av ustabil demning og blir verande «tomt» viss den skal rivast.

Foto: Rune Engesæter /

NVE viser særleg til ein rapport frå Norconsult i 2013. Den konkluderte med at ein demning på Storevatnet «hadde skader etter istrykk, som burde utbedres umiddelbart».

NVE kallar tryggleiken uakseptabel låg.

– Den dammen burde vore prioritert fiksa for lenge sidan: Anten sett i stand eller nedlagt.

Grøttå seier det varierer kor gode norske kommunar er til å sikra damtryggleiken.

– Nokon følgjer opp planane sine godt. Andre må me trykka meir på.

Lars Grøttå, seksjonssjef i NVE

Lars Grøttå i NVE meiner Bergen kommune har vore for trege med å sikra gamle damanlegg. Han seier eit dambrot i Storevatnet kunne sett mange menneskeliv i fare.

Foto: NVE

Kommunen: – Ikkje livsfare

Hogne Hjelle er leiar for planavdelinga i Bergen Vann. Han seier det er ein veldig stor jobb å ivareta alle damanlegga kommunen eig.

– Veldig mange demningar er svært gamle. Me kan ikkje ta alt samstundes.

Han viser til at dei laga ein rehabiliteringsplan som bystyret vedtok i februar 2021. Målet er at den skal vera gjennomført i perioden 2020-2030.

Ein grunn til at sikring av dammar i Bergen er forseinka, er ifølge Hjelle flaumulukka i Munkebottsvatnet nedanfor Storevatnet i 2019. Det skjedde då ein midlertidig demning braut saman medan dei bygde ny og trygg demning der.

At NVE meiner tryggleiken i Storevatnet har vore uakseptabel låg lenge, kommenterer han slik:

– Ein kan godt seia me burde gjort det før, men det kjem i rekka av dei andre tiltaka som skal gjerast.

Storevatnet ved Sandviksfjellet i Bergen. Nedtappa demning

Nedtappinga har svekka både rekreasjonsverdien og dei økologiske forholda i og rundt vatnet, men kommunen og NVE seier tryggleiken er førsteprioritet.

Foto: Rune Engesæter /

Hjelle vil ikkje seia at risikoen i Storevatnet var meir akutt i vinter enn tidlegare år.

– Men ein del av muren på innsida av demningen har rast ut. Det har blitt meir synlege problem på dammen.

– Har kommunen sett liv og helse i fare nedover vassdraget her?

– Nei, det meiner eg ikkje. Her er det snakk om å vera på den sikre sida. Me skal ikkje utfordra skjebnen med å pressa grensene.

– Er ikkje det å pressa grensene når de i følge NVE stadig har utsett utbetringane?

– Nei, det syns eg ikkje. Me har jobba jamnt og trutt med dei anlegga me har.

Forum for natur og friluftsliv Hordaland har kritisert nedtappinga og meiner den skadar det biologiske mangfaldet og rekreasjonsverdiane.

Når tryggleiken er så dårleg som på desse anlegga her, trumfar tryggleiken miljøomsyn, seier Grøttå i NVE.

Les også Plutselig hadde sjøen minket – kommunen beklager lovbrudd

Portrettbilde av Ole Nashoug med demningen og sjøen i bakgrunnen.