Hopp til innhold

Kommunen snur – seier nei til heliturisme i Hardanger

Eidfjord-politikarane lyttar til folket, og seier nei til helikopterflyging over naturattraksjonar. – Eg har aldri opplevd så mykje engasjement på så kort tid, seier ordføraren.

Simadalen i Eidfjord sett fra Hardangerjøkulen

VIL IKKJE FLY FOLK HIT: Hardangerjøkulen er eit av fleire kjende naturattraksjonar som ligg i området der Statkraft har søkt om konsesjon for helikopterturisme. No seier kommunen nei.

Foto: Picasa 2.7

Hytteeigarar og reiselivsnæringa reagerte kraftig, etter at NRK i februar fortalde at Statkraft har søkt om konsesjon for helikopterturisme frå sin landingsplass i Eidfjord.

Etterspurnad frå kommunen var ifølge Statkraft årsaka til at dei søkte om konsesjon for opp mot 2200 såkalla «flyrørsler» i året ved inngangen til Hardangervidda nasjonalpark.

Det svarar til 1100 årlege flyturar over nokre av Norges best besøkte naturattraksjonar.

Medan hyttefolk i Sysendalen frykta eit scenario med hundrevis av helikopterflygingar over hyttetaka, stilte Eidfjord-ordførar Anved Johan Tveit (Sp) seg positiv.

– Denne typen turisme er ikkje spesielt ynskt, men vi ynskjer aktivitet og då må vi ha dette tilbodet òg, sa han til NRK i februar.

Men no har kommunen snudd, og bestemt seg for å lytta til folket.

– Vi vil ikkje tilrå turistflyging, seier Tveit tysdag morgon.

Fått over 70 innspel

Det var på eit møte måndag kveld at formannskapet bestemte seg for å seie nei til turistflyginga.

– Men vi går inn for at Statkraft skal få konsesjon for landingsplassen i Sima som dei har brukt i lenger tid. Dette er i tråd med kommuneplanen i Eidfjord, seier Tveit.

Helikopter Eidfjord

Kommunen har fått over 70 innspel til saka, der alle er negative til at det vert gjeve konsesjon for turistflyging med helikopter. Mange har uttrykt uro for helikoptertrafikk mot Vøringsfossen, Sysendammen og Hardangerjøkulen.

– Eg har ikkje opplevd ei sak som har engasjert så mange på så kort tid. Vi set pris på at så mange engasjerer seg, seier Tveit.

– Og det har vi lytta til. I tillegg seier reiselivet sjølve at dei ikkje brukar helikopterturisme som ein del av marknadsføringa av Vestlandet, men satsar meir på berekraftig reiseliv.

– Ein siger

– Det vart 1–0 til oss, konstaterer grunneigar Bjørn Johan Stakseng i Eidfjord.

Han er ikkje overraska over snuoperasjonen til kommunen.

– Det har vore massive protestar, og dei må jo ta omsyn til slikt. Dersom dei hadde sagt ja til søknaden, ville det ha vorte eit etterspel. Å ha helikoptertrafikk over eit så flott turområde på sommarstid, ville ikkje vore bra, seier Stakseng.

Anved Johan Tveit

SEIER NEI: Ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit, var positiv til heliturisme i kommunen. Etter eit formannskapsmøte måndag kveld, seier han likevel nei til konsesjonssøknaden frå Statkraft.

Foto: Tale Hauso / NRK

Saman med fleire andre grunneigarar har Stakseng uttrykt uro knytt til støy, dyreliv, friluftsliv og turisme.

– Kor stor trur du sjansen er for at det vert helikopterturisme i Eidfjord no?

– Liten. Og det er heilt topp!

Reiselivsdirektør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge har tidlegare uttrykt skepsis til helikopterturisme i Eidfjord.

– Det er svært positivt at kommunen har sagt nei til denne type turisme. Fast helikopterflyging inn i fjordane representerer ikkje det produktet som handlar om rein, urørt natur, seier Jørgensen.

Men saka er ikkje over, sjølv om også fylkeskommunen har sagt nei til planane. Luftfartstilsynet har sendt søknaden på høyring, og fristen er sett til 16. mars. Etter å ha gjennomgått innspela, skal tilsynet konkludera.