Hopp til innhold

Kommunen sikra ikkje rasområdet

Det er ikkje fyrste gong det rasar over Vik sentrum

Raset i Vik.

Sleppområdet ligg høgt i fjellsida, men det er uråd å sjå sikkert kvar steinblokkene losna. Nysnø natt til søndag gjer det også vanskeleg å lokalisere raset utan å nytte helikopter.

Foto: Rune Tangstad

- Eg høyrde eit fælt bulder og brak. Då tenkte eg at dette var eit ras. Sjølvsagt er det skremmane.

Sikra ikkje fjellsida

Gry Helen Nesse stod på kjøkenet då ho høyrde steinane komme. 36 personar vart laurdag kveld evakuerte då store steinblokker losna frå fjellet rett over Vik sentrum.

Og det er ikkje første gong at det rasar frå fjellet her, seier rådmann i Vik, Oddbjørn Ese.

- Eg er kjend med at det har gått steinras før, om ikkje akkurat her, så i nærliggjande område. Det er nok eit område i Vik som er noko rasutsett, ja.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese.

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men sjølv om det har rasa før, har ikkje kommunen gjort sikringstiltak i fjellsida.

- Ikkje som eg er kjend med. Det har vorte gjort nokre undersøkingar og laga rapportar om området, men ikkje utført sikringstiltak som eg veit om.

- Men burde ein ha gjort det?

- Det skal ikkje eg ha sagt noko om, for det har ikkje eg kunnskap til å vurdera. Det får me evaluera når me har fått klårleik i situasjonen.

Flyttar ikkje heim før det er trygt

Hjørnesteins-verksemda Vik Ørsta har måtte stoppe produksjonen , for dei 90 tilsette får ikkje gå på jobb før det er trygt.

I dag kjem geologar til området for å undersøke faren for nye ras.
Sjølv om Nesse og familien har måtte bu borte frå heimen i nokre dagar, er dei glade for at dei vart evakuerte.

- Det er jo berre bra. Me har jo ikkje tenkt å flytta heim før me veit kva som har skjedd, kor mykje som har kome ned, og om det er trygt å flytta tilbake.