Hopp til innhold

Bonden Anders kan få jorda under asfalt

BYRKJELO (NRK): Statens vegvesen planlegg brei E39 midt gjennom bygda. No er bøndene redde for gardane sine, og kommunen takkar nei til brei veg.

Anders Gåsemyr

VIL TA OVER: Anders Gåsemyr eig ein gard med 65 mjølkekyr, men treng jord skal dyra ha mat.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er jo livet mitt, eg har lagt ned mykje tid og arbeid her, generasjonar før har gjort det same, seier Anders Gåsemyr.

Midt i Byrkjelo, ei av dei største landbruksbygdene i Vestland fylke, vil Statens vegvesen bygge ny E39. Det set kjenslene til folk i kok.

Den nye europavegen kjem i tillegg til dagens E39, og fleire gardsbruk får jorda si under asfalt.

Sidan 2008 har 5446 dekar med matjord, tilsvarande 760 fotballbaner, forsvunne her til lands som følgje av veg og jernbanebygging. Det viser nye tal frå Samferdsledepartementet.

Nedbygginga skjer trass i at regjeringa har slått fast at eit sterkt jordvern er viktig.

Anders Gåsemyr seier tvert nei, og fryktar for driftsgrunnlaget til garden.

– Det vil rasere jorda, dyra våre er avhengige av mat.

Stadig meir matjord forsvinn

Senterpartiordførar Leidulf Gloppestad meiner det må vere råd å klare seg med blant anna ein smalare veg.

Han hevdar at mellom 500 og 600 dekar med matjord av beste sort kan forsvinne berre i denne bygda om vegvesenet sine planar får gjennomslag.

Gloppestad meiner bygda står føre ei enormt viktig avgjerd. Seier Gloppen kommune ja til dei fyrste planane for E39 om å bygge ned 100 dekar, står også gardane sørover i faresona når vegen skal vidare med same standard.

– Det er bort i natta å bygge ned så mykje jord, det er ingenting meir å seie. Her må staten sjå på planlegginga av E39 på nytt, seier Gloppestad.

Uthuskrysset og utbygging ny E6

NEDBYGGING: Nye E6, her ved Kolomoen i Innland fylke, er ein av vegane som bygger ned matjord.

Foto: Nye Veier

Planlegg tre ulike vegstrekningar, men ikkje på same tid

I alt tre strekningar på E39 skal byggast rundt Byrkjelo. I sør skal den rasutsette Våtedalen sikrast, mot nord kjem ny E39 med bru over Nordfjorden, mot vest skal E39 rustast opp mot kommunesenteret Sandane.

Statens vegvesen planlegg ikkje strekningane samstundes. Gloppestad meiner ein samla plan kunne lagt E39 meir utanom bygda, kanskje også rimelegare.

– Det meiner vi er fullt mogleg å få til, seier Gloppestad.

Utsikt i frå Eggnipa

DALFØRET: Byrkjelo ligg som eit dalføre der ny E39 skal byggast mot Nordfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

Seier nei til E39 slik som Vegvesenet vil ha den

Gloppen kommune nektar no å godta Vegvesenet sin plan, og krev å møte både samferdsleministeren og landbruks- og matministeren.

Ellen Njøs Slinde

PLANLEGG: Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Planleggingsleiar i Statens vegvesen, Ellen Njøs Slinde, seier dei har tilrådd alternativet som best skånar matjorda. I eit framtidig arbeid med reguleringsplan vil ein forbetre veglinja i samarbeid med grunneigarar og andre interesser.

– Oppdraget vårt er veldig tydeleg på å planlegge ei strekning av gongen, det er fullt mogleg likevel å finne løysingar for korleis vegane skal byggast vidare, seier Ellen Njøs Slinde.

Anders Gåsemyr håpar det finst ein utveg.

– Noko matjord vil nok forsvinne uansett, men så mykje som Vegvesenet legg opp til er skremmande. Beste løysinga er tunnel, seier han.