Bergen kommune har så langt fått inn fire meldingar om skader på hus og eigedom etter demningsbresten i Munkebotn.
– Det er me som har ansvaret. Me vil retta opp i dei skadane som er gjort, og vil ta kontakt med dei råka for å følga opp, seier fagdirektør for vatn- og avlaupsetaten, Magnar Sekse til NRK.
Først torsdag ettermiddag fekk dei 42 siste evakuerte flytta heim att til sine hus. Politiet frykta at fleire av dei 37 bustadene ville bli trefte av dei enorme vassmengdene, men skadane blei mindre enn frykta.
ROT: Slik såg det ut i Eidsvåg båtlag torsdag morgon.
Foto: Even Norheim Johansen / NRKKaien blei flytta og grunnmassar vaska vekk
Hardast medfart har kanskje eigedomen til båtlaget i Eidsvåg fått.
Straumen av vatn fann vegen under E39 og dundra over – og under – kaien inst i Eidvsågen.
– Vassmengdene var heilt ekstreme. Det var skremmande, seier hamnesjef Svein Kjørsvik, som blei vitne til herjingane frå ein lettbåt i vågen utanfor båtanlegget.
- Sjå bileta av skadane:
I fleire timar vaska flaumen med seg grunnmassane under betongkaien. Kreftene frå vatnet forskyvde kaianlegget, og steinar og tre som kom dundrande frå fjellsida, gjorde skadar på støypekantane mot sjøkanten.
HAMNESJEF: Svein Kjørsvik, hamnesjef i Eidsvåg båtlag.
Foto: Even Norheim Johansen / NRK– Dette kostar pengar
Mannskap frå kommunen har fredag rydda kaien. Deler av kaien er no stengd av med gjerde. I tillegg har ein takstmann vurdert skadane.
Den fremste delen av kaien har sige, og er ubrukeleg, konstaterer hamnesjefen.
– Vårt dilemma er at me skal ha opplag på båtar me ikkje får plass til. Enkelte båtar veg fleire tonn, og dei tør me ikkje la stå her.
Torsdag varsla hamnesjefen kommunen om at båtlaget forventar at kommunen tar ansvar for skadane.
Kjørsvik påpeikar at det er umogleg å anslå kostnadene.
Men dersom ein treng ein heilt ny kai, kan det truleg verta snakk om ein millionsum.
– Det er alt for tidleg å seia. Her må heile kaien gravast opp og støypast på nytt. Dette kostar pengar, seier Kjørsvik,
Vil ikkje avsløra sin hypotese
Kommunaldirektør Anne Iren Fagerbakke sa etter torsdagens pressekonferanse at det var for tidleg å seia korleis kommunen vil stilla seg til eventuelle forsikringskrav.
Fredag slår fagdirektøren fast at kommunen vil ta dei økonomiske konsekvensane.
– Byråden (Harald Schjelderup, journ.merk.) var tydeleg på at dette ikkje skal gå ut over innbyggarane våre, seier Magnar Sekse, som poengterer at det er for tidleg å gi noko kostnadsanslag.
FAGDIREKTØR: Magnar Sekse i Vatn- og avlaupsetaten i Bergen kommune.
Foto: Jon Bolstad / NRKFagdirektøren vil framleis ikkje kommentera kva som er deira hypotese om det skjebnesvangre bresten i demninga.
– Det einaste me veit er at fangdammen ikkje fungerte med tanke på dei nedbørsmengdene som kom. Då entreprenør og kommunen blei gjort merksam på at vasstanden steig på sundag, sette me i verk dei tiltaka me meinte fungerte best. Kva som låg til grunn for vurderingane, er noko av det me ser nærare på.
– Er det forhold de allereie no kan slå fast at burde ha vore gjort annleis?
– Det er ein del ting me har sett på, men det vil me ikkje kommentera. Det er lett å vera etterpåklok.
- Les også:
- Les også: