Hopp til innhold

Kommunen politimelder hets mot KrF-politikar

Bergen kommune melder truslar mot KrF-politikar Joel Ystebø under ein fotballkamp i juli til politiet.

Det får NRK stadfesta av beredskapssjef Britt Lise Nymark.

– Eit trygt politisk og offentleg ordskifte er viktig for demokratiet, og kommunen ser alvorleg på alle formar for truslar og hets mot folkevalde, uttalar Nymark.

25. juli opplevde bystyrerepresentant Ystebø og kona hets frå Brann-supportarar på veg inn til ein kamp i Nederland.

– Dei ropte til meg og kona mi noko ala «Ystebø skal dø». Eg har dessverre blitt herda gjennom ti år i politikken, men det var ei veldig spesiell oppleving. For kona mi var det ekstra ubehageleg, fortel Ystebø til NRK.

Etterpå skal ein av personane ha tatt han på skuldra og understreka at «det ikkje var personleg, men politisk hat». Då han ikkje svara, skal ein ha ropt «jævla snobb», fortel han.

Ystebø varsla bystyrets kontor om saka, og no har kommunen meldt forholdet til politiet.

Ystebø er glad for at kommunen tek saka på alvor.

– Eg føler meg varetatt. Det må vere opp til politiet å følge opp saka vidare. For oss var det viktig å fortelle om historia og det som skjedde, for å bidra til at politikarar ikkje skal oppleve denne type hets og hendingar, seier han.

Ystebø opplyser at politiet ikkje har vore i kontakt med han enno.

– Vest politidistrikt har motteke og registrert meldinga i dag, men har ikkje fleire kommentarar no, seier jourhavande jurist Øytein Horn til NRK i 19-tida tysdag.

Joel Ystebø (KrF)
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK