Hopp til innhold

Kommunen krev full stopp av omfattande «hotellutleige» i nabolaget – trugar med bøter

Selskapet har fått ein månad på seg til å slutta med profesjonell korttidsutleige i nabolaget. Bjørvika Apartments er rykande ueinig med kommunen.

Bustadblokker i Damsgårdsundet

DRIV KORTTIDSUTLEIGE: Fleire bebuarar i Damsgårdssundet i Bergen meiner det blir drive hotellutleige i fleire blokker. – Vi opplever at dei kreftene som aktivt har gått ut mot oss i Bergen, ikkje forstår eller vil forstå vår verksemd, svarar utleigefirmaet.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Etter at NRK i fleire saker har fortald om fastbuande som protesterte mot omfattande utleige i fleire bustadblokker i Damsgård i Bergen, har Bergen kommune teke grep.

No slår dei ned på Selskapet Bjørvika Apartments AS, som disponerer 36 leilegheiter i bustadblokkene og driv profesjonell utleige. Selskapet har fått krav om å stanse all utleige på to veker eller mindre.

Dersom den ulovlege bruken ikkje stansar, varslar kommunen om at det for kvar leilegheit vil bli ilagt ei eingongsbot på 50.000 kroner og løpande dagbøter på 5000 kroner.

– I denne omgang gjeld dette varselet for ni leilegheiter, seier etatsdirektør Mette Svanes i Plan- og bygningsetaten.

Etaten konkluderte først med at utleige for kortare periodar enn to veker var ulovleg i høve til reguleringsplanen, men tilrådde likevel at kommunen ikkje skulle forfølga saka vidare.

Men byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) kravde at slik utleige likevel skulle stoppast, noko som førte til det ferske vedtaket som trugar med bøter.

«Hotellpersonale vandrer i bygget»

Vanlege huseigarar i ei rekke sameige har vore kritiske til det dei kallar «hotelldrift» i dei topp moderne bustadblokkene i Damsgårdssundet.

«Det vandrer i tillegg til gjester, «hotellpersonale» med sengeutstyr m.m. i bygget (...). Beboerne møter stadig nye mennesker i korridorene og vet ikke hvem som bor i naboleiligheten neste dag. Dette er belastende for bomiljøet og til dels utrygt for småbarnsfamilier,» heiter det i skrivet frå kommunen.

– Det er nøklar på avvege, folk spør oss kvar resepsjonen er, seier Johannes Sverdrup, som bur vegg i vegg med ei av utleige-leilegheitene.

Kommunen har fått dokumentert at 110 av 156 leigeforhold frå 1. mars 2017 til 11. februar i år, var på to veker eller mindre.

Saka er prinsipielt interessant, då den problematiserer i kva grad ein kan tena pengar på overnatting i bygg som kommunen har bestemt skal vera til bustadføremål.

Mette Svanes, plandirektør Bergen kommune

KREV FULL STOPP: Tidlegare i år bad Bergen kommune Bjørvika Apartments gjere greie for utleigeverksemda si dei elleve første månadane sidan oppstarten i Bergen i fjor vinter. No har kommunen, her ved Mette Svanes i Plan- og bygningsetaten, kravd full stopp innan 1. oktober.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Utleigar krass mot kommunen

– Vi vurderer å anke dette pålegget vidare til Fylkesmannen for ny behandling der, skriv dagleg leiar Ole Henrik Engen i Bjørvika Apartments i ein e-post til NRK.

Han er sterkt ueinig i vedtaket frå plan- og bygningsetaten i kommunen. Han peiker mellom anna på at det heiter at «formålet med å regulere et boligområde til boliger å skape et stabilt bomiljø for alle som har boliger der. Kortidsutleie vil etter vår oppfatning være med på å forringe dette formålet».

– Dette ber preg av at dei ikkje har vurdert situasjonen i Damsgårdsundet spesielt. Det er frå starten av blitt seld mange leilegheiter til investorar som ønskjer å leige ut, og svært få barnefamiliar har vald å flytte hit, skriv Engen.

Hotellutleie Damsgård

ETTERLYSER SIKKERHEIT: Fastbuande naboar i blokkene i Damsgårdssundet er uroa for sikkerheita når midlertidige naboar bur der i to veker eller mindre. – Korttidsutleige blanda med andre fastbuande familiar, er ikkje forenleg, seier Johannes Sverdrup i sameiget Damsgårdsveien 73–75.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Vi opplever at kreftene som aktivt har gått ut mot oss i Bergen ikkje forstår eller vil forstå vår verksemd. Påstandar om oss er blitt til etablerte sanningar, meiner Bjørvika Aparments-leiaren, som hevdar dei hovudsakleg driv med mellomlang utleige.

Peikar på Airbnb

Engen meiner det ikkje finst tydelege nok definisjonar i lovverket på kva som er grensa mellom bruk av ei leilegheit til bustad eller næring.

– Etaten i Bergen har altså teke i bruk ei skjønnsmessig fortolking ved å konkludere med at utleige under 14 dagar er næringsverksemd, seier Engen.

Han har fleire gonger peika på at ei rekke Airbnb-utleigarar driv på tilsvarande måte, og leiger ut tusenvis av leilegheiter.

– Dermed driv også desse ulovleg, etter Plan- og bygningsetaten i Bergen si oppfatting, seier Engen.

Naboane er nøgde

Kommunen har no sendt eit varsel om at selskapet innan 1. oktober må dokumentera at dei ikkje lenger driv korttidsutleige under to veker i ni leilegheiter i til saman ni bygg langs Damsgårdssundet i Puddefjorden.

Selskapet må også stadfesta at dei ikkje marknadsfører desse husværa for utleige i så korte periodar.

– Vi synest det er flott at kommunen no følgjer opp denne saka, seier styreleiar Fredrik Andre Aasebø i sameiget Damsgårdsveien 73–75.

Johannes Sverdrup, som sjølv jobbar i byggebransjen, har vore skeptisk til sikkerheita ved korttidsutleiga.

– Bygga er regulert som bustad, ikkje hotell. Like før sommaren gjekk brannalarmen i ei leilegheit, men familien som var der forstod ikkje at det var deira brannalarm som var utløyst, og ville heller ikkje evakuere. Det er berre eitt døme, seier Sverdrup.

Til dette svarar Engen at Bjørvika Apartments går gjennom branninstruksar med alle som leiger gjennom selskapet. Han seier også at brannalarmen i det aktuelle bygget har vorte utløyst fleire gongar av andre enn deira leigetakarar.

NRK har oppdatert saka og lagt inn svar frå Bjørvika Apartments om hendingane med brannalarmane.