Hopp til innhold

Kommunen har mista seks rådmenn på tre år

Torsdag enda eit «kaosmøte» i Sogndal med at han som var innstilt som ny rådmann trakk seg. Kvart år sluttar mellom 15 og 20 kommunedirektørar på grunn av konfliktar.

Sogndal sentrum

SOGNDAL: Ordførar Arnstein Menes i Sogndal hadde håpa på ei rask og samrøystes tilsetjing av Arne Johansen som kommunedirektør torsdag. Slik vart det ikkje.

Foto: Sondre Dalaker

25/6: Saken er oppdatert med en presisering om at to av de seks rådmennene var ansatt i Gamle Sogndal.

«Sogndal kommune søkjer rådmann».

Slik lydde ein stillingsannonse som vart lyst ut i mai, og no må kommunen sette same setning på trykk igjen. For denne veka har det kokt rundt tilsettinga av ny øvste leiar i saftkommunen. Rådmann er det same som kommunedirektør.

Etter eit «kaosmøte» torsdag så ordførar Arnstein Menes (Sp) seg nøydd til å be den innstilte rådmann-kandidaten om orsaking, skriv Sogn Avis.

Kandidaten trakk seg etter at han fekk store deler av kommunestyret mot seg.

Heller ikkje den konstituerte rådmannen ynskja å ta på seg jobben.

Den førre rådmannen, Ellen Njøs Lillesvangstu, gav seg etter berre eitt år i stillinga.

I løpet av dei siste to åra har også to andre vore innom jobben som rådmann, før dei har forsvunne ut.

Om ein reknar med Jostein Aanestad som sa opp som rådmann i gamle Sogndal i 2019 og Ole Gunnar Krakhellen som var konstituert for han, blir det seks til saman.

– Rådmenn går nærast i svingdør inn og ut av Sogndal kommunehus, skrev BT-kommentator Jens Kihl allereie i 2019.

Arnstein Menes

LEIT: – Eg tykkjer det er leitt at det har vorte slik, seier ordførar i Sogndal, Arnstein Menes.

Foto: Lars Volldal / NRK

Mogleg norsk rekord i ustabilitet

– Eg vil tippe at det skjer i mindre enn 10 prosent av tilfella at kommunestyret deler seg i spørsmålet om tilsetting av kommunedirektør, seier Terje P. Hagen til NRK.

Han var leiar i ekspertutvalet for regionreforma, og karakteriserer situasjonen i Sogndal som «uvanleg og alvorleg».

– Om dette er rekord veit eg ikkje. men blant større kommunar må dette vere i noregstoppen.

Signy Irene Vabo er professor ved Institutt for statsvitskap på Universitet i Oslo.

– Dette er ein situasjon som openbert er svært uheldig for kommunen, enten det dreier seg om ny rekord eller ikkje, seier ho.

Mellom 15 og 30 av sluttar i konflikt

Kvart år er vert mellom 50 og 70 kommunedirektørar bytta ut.

– Mellom 15 og 30 av disse sluttar i konflikt, sa leiar i Norsk Rådmannsforum, Gudrun Grindaker til Kommunal Rapport, då Brønnøy kommune og den avgåtte rådmann Helge Thorsen møttest i retten i juni.

Rådmannen er den øvste administrative leiaren i kommunen, og skal vere eit bindeledd mellom administrasjonen og politisk leiing.

– Rådmannen opererer i eit spenningsfelt av kryssende forventningar, seier Eirik Magnussen.

Han er statsvitar ved Telemarksforsking, og har studert graden av turnover – eller utskiftingstakta – av rådmenn.

– Det er ein av fordelane med regionreforma. Det er ikkje så få rådmenn på marknaden lenger, seier han.

Han kallar posisjonen til rådmannen ein «uriaspost». Uttrykket stammer frå den bibelske forteljinga om David og Batseba, kor David plasserte soldaten Uria i ein utsett post ved fronten for at han skulle døy, slik at David kunne få hans kone Batseba som sin.

Tidlegare rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu skildra det slik:

– Det er ikkje berre glansdagar når du er rådmann. Det er krevjande når eg og andre vert gjeve eigenskapar og intensjonar me ikkje kjennar oss att i, sa ho til Sogn Avis på veg ut døra.

Gudrun Haabeth Grindaker, rådmann Halden kommune

KONFLIKT: Kvart år er det mellom 50 og 70 kommunedirektørar som sluttar. – Mellom 15 og 30 av disse sluttar i konflikt, seier Gudrun Grindaker.

Foto: Kathrine Brønn / NRK

– Tilfellet Sogndal er ekstremt

Forfattar av læreboka «Kommunalrett», Jan Fridthjof Bernt, seier situasjonen i Sogndal er symptomatisk for eit større problem i forholdet mellom politikk og administrasjon.

– Tilfellet Sogndal er ekstremt, men avspeglar eit ikkje helt uvanleg problem, særleg i mindre kommunar.

Han viser til eit generelt problem med «uklare og ulike rolleoppfatningar».

– Nokre gonger er det kommunedirektørar som ser det som sin profesjonelle oppgåve å halde styr på de folkevalde, andre gonger er ordførar uvillig til å akseptere at kommunedirektør har eit sjølvstendig ansvar for rapportering til kommunestyret. Her er det nok eit opplæringsbehov i ein del kommunar.

Sogndal sentrum
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK