Den kronglete og rasutsette strekninga på seks kilometer mellom Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen er viktig både for fastbuande og turistar, og mykje brukt til godstransport mellom landets to største byar.
- Torsdag kveld: eit fullstappa folkemøte protesterte mot utsetjing av rassikring av vegstubben.
- Natt til måndag: Nok ein gong vart vegen stengd på grunn av ras.
– Ei trist men god taiming, seier Kristian Bondhus-Jensen lakonisk.
Han er leiar i Ænes og Mauranger Bygdalag, som arrangerte folkemøtet. Der var også 18-åringen Nora Gjerde.
– Dette er ikkje ein sikker veg, i alle fall. Eg trur ikkje alle ville køyrt på denne vegen, seier ho.
Men Gjerde køyrer der ofte.
– Det er veldig dumt at ein ikkje kjenner seg trygg når ein sender ungane på skulen eller køyrer på jobb.
Europavegen over Haukeli knyter Bergen og Oslo saman.
Særleg etter at dei to store tunnelane vart bygde.
Men i Mauranger er det ein kronglete og rasutsett «missing link».
Vegstubben er ofte stengd av ras. Måndag skjedde det igjen.
Populær, men farleg vegbit
Då Folgefonn- og Jondalstunnelen vart bygd, var det ikkje pengar til tunnel forbi den smale, svingete og rasutsette strekninga mellom Austrepollen og Nordrepollen i Mauranger, heilt nord i Kvinnherad kommune.
Både fylkeskommunen som eig fylkesveg 49, og dei som bur i området, har lenge pressa på for å få bygd tunnelen dei kallar «Frå poll til poll». Men no har kommunen trekt i naudbremsen, og vil heller venta og sjå.
Nyleg tok Kvinnherad til orde for å venta med å starta planarbeidet i Mauranger. Lokalavisa Kvinnheringen omtala det først.



Kommunen meinte at ein først må få avklart kva trasé som blir valt for den såkalla Hordalandsdiagonalen – ein ny hovudveg som skal knytta Bergen til E134 over Haukelifjell.
Kommunen vil dessutan prioritera utviding av den like dårlege vegen lenger sør – frå Folgefonntunnelen i retning kommunesenteret Rosendal – like høgt som tunnelen i Mauranger.
– Hovudvegen til Kvinnherad har framleis den lysregulerte Furebergtunnelen med berre eitt felt, seier ordførar Hilde Enstad (Ap) til NRK.
Ho viser til at kommunestyret i 2019 vedtok at ein skal jobba med Maurangertunnelen og ny Furebergtunnel som to likeverdige prosjekt.
Innbyggjarane i Mauranger møtte mann- og kvinnesterkt opp på folkemøtet torsdag kveld.
Foto: Tale Hauso / NRK– Gratis rassikring
Bygdelagsleiar Bondhus-Jensen reagerte med «sjokk og vantru» då han høyrde kva kommunen hadde sagt i møte med fylkeskommunen.
– Dette er eit høgt prioritert rassikringsprosjekt på ein skule- og pendlarveg. At vår eigen kommune stoppar dette er veldig, veldig overraskande, seier han til NRK.
Dei som bur i området er sindige folk, ifølgje leiaren i bygdelaget. Men han fortel at dei no har hissa seg skikkeleg opp.
I Mauranger kjenner folk seg gløymde av kommunepolitikarane.
– Det verkar som dei berre har snudd ryggen til oss og ikkje heilt tenker på tryggleiken. Eg skjønar det ikkje. Me føler dei tenker meir på den ytre delen av kommunen og ikkje oss her inne i Mauranger, seier Nora Gjerde.
Kristian Bondhus-Jensen i Ænes og Mauranger Bygdalag seier sindige bygdefolk no er harme på kommunen sin.
Foto: Tale Hauso / NRKMissing link
Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) seier Vestland fylkeskommune ikkje vil godta å utsetja planarbeidet.
– Her ønskjer eg at Kvinnherad skal komma på betre tankar. For denne vegen ligg der som ein «missing link» og ei veldig rasfarleg strekning. Så det gir ikkje meining å utsetta arbeidet med den.
Fylkestinget meiner rassikring «mellom pollane» er eitt av dei tre viktigaste rassikringsprosjekta i tidlegare Hordaland.
–Det er den, og Tokagjelet og Steinstøberget i Kvam, seier Askeland.
Tysdag denne veka har han kalla kommunen inn til møte.
– For å vera litt streng, har ikkje fylkeskommunen tenkt å kjøpslå på dette. Fylkestinget har talt. Dette er prioritert: eit planarbeid som sikrar liv og helse for innbyggarane.
PROBLEMSTREKNING: Den smale og rasfarlege vegen (markert med raudt) ligg på fv. 49 mellom Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen i Kvinnherad kommune. Ein tunnel kan erstatta dagens veg, og gjera strekninga både tryggare og kortare.
– Uforståeleg
Også i nabokommunen Ullensvang er reaksjonane sterke.
– Me støttar utbetring mot Årsnes full ut, men det er uforståeleg at ein vil utsetta planlegginga av ein rasutsett veg som er viktig for pendlarar både i Ullensvang og Kvinnherad.
Det seier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap) til Kvinnheringen.
Dagleg leiar Arnfinn Førsund i Hordalandsdiagonalen AS er overraska og sjokkert.
– Eg forstår det ikkje. Denne vegen må utbetrast uansett kva vegtrasé til Bergen som blir valt.
På folkemøtet torsdag kveld måtte Kvinnherad-ordførar Hilde Enstad forklara seg om kommunens syn.
Foto: Tale Hauso / NRKVil spørja kommunestyret
Ordførar Enstad deltok på folkemøtet torsdag. Ho starta møtet med å seia at det har vore misforståingar i saka, og at Kvinnherad kommune er positiv til tunnelen og ønskjer planen velkomen.
Men ordføraren kunne ikkje lova forsamlinga at tunnelplanlegginga skulle komma i gang så fort som mogleg, uavhengig av arbeidet med Furebergtunnelen.
«Utydeleg» og «skuffande» var karakteristikkane frå dei frammøtte.
Enstad seier til NRK at ho vil gå tilbake til kommunestyret og spørja om lokalpolitikarane vil behandla spørsmålet på nytt, men lova ikkje at lokalpolitikarane snur.
– Eg trur at når alle fakta kjem på bordet, så blir me einige, seier Enstad til NRK.