Hopp til innhold

Kommune-opprør mot regjeringa

«Sinte» og «opprørte» ordførarar vedtok i dag skarp kritikk mot regjeringa. Kommunalministeren lovar å kome dei i møte – i september.

Jølster sett frå fjellet.

SUNNFJORD: Norske kommunar er sinte for koronapengar som vart borte. I Sunnfjord hadde dei rekna med 20 millionar kroner i koronakompensasjon.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Eit samla Kommune-Noreg gav i dag klar beskjed til regjeringa om at kommunane må få dekt dei ekstraordinære utgiftene dei har hatt til å handtere koronakrisa i første halvår av 2022.

I eit vedtak seiar landsstyret i KS at dei er «svært skuffa over at regjeringa» og at dei ser på forslaget til revidert budsjett som «eit klart løftebrot» (vedtaket i faktaboks).

– Vi er opprørte over at regjeringa ikkje vil forplikte seg til å dekkje dei koronarelaterte meirkostnadene, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen til NRK.

7,5 milliardar kroner i koronautgifter

I ei pressemelding datert 31. mars uttalte regjeringa at «kommunane har gjort ein imponerande innsats gjennom heile pandemien» og at kommunane «kan vere trygge på at denne regjeringa vil vere der for dei».

Overraskinga og forarginga var difor stor då forslag til revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022 vart lagt fram førre veike.

I strid med forventningane inneheldt budsjettet ingen kompensasjon for kommunane sine koronautgifter.

– Det er eit løftebrot og eg er skuffa, kvitterte Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp), som også sit i landsstyret i KS.

I Sunnfjord hadde dei rekna med 20 millionar kroner i koronakompensasjon.

Torsdag melde Aftenposten at Oslo har hatt 1,6 milliardar kroner i koronarelaterte utgifter hittil i år. Kristiansand har rekna dei same utgiftene til å vere 200 millionar. Drammen til 100 millionar.

Gunn Marit Helgesen med en mikrofon i hånda.

OPPRØRT: – Vi er opprørte over at regjeringa ikkje vil forplikte seg til å dekkje dei koronarelaterte meirkostnadene, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Svekkjer tilliten til nasjonale styresmakter

Landsstyret i KS er breitt samansett av 53 folkevalde frå heile landet og på tvers av partigrensene.

Uttalen er såleis til sjenanse for regjeringa som gjekk til val på å styrkje den kommunale inntektsmodellen og auke det kommunale sjølvstyre.

Løftebrotet svekkjer tilliten til nasjonale styresmakter i framtidige nasjonale krisesituasjonar. Kommunesektoren har ei svært viktig rolle i den nasjonale beredskapen, og då er det svært viktig at vi kan stole på løfta til regjeringa, seier styreleiaren i KS.

Tidlegare KS-leiar Bjørn Arild Gram (Sp) var kommunalminister fram til 12. april.

Den nye kommunalministeren, Sigbjørn Gjelsvik (Sp), uttalte i førre veike at «ting må skje i rett rekkjefølgje» og viste til ein rapport om koronautgifter som kjem 1. september. Men utan å skrive ut garantiar.

Pressekonferanse om revidert nasjonalbudsjett 2022

GOD ØKONOMI: I RNB-dokumentet skriv finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at «kommunesektoren er i ein god økonomisk situasjon».

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det kom ein SMS

Fredag formiddag signaliserte kommunalministeren for fyrste gong at regjeringa vil kompensere for direkte koronarelaterte utgifter så snart gjennomgangen i september er gjort.

Det skjedde via ein SMS (sjå faktaboks).

Dette er ei heilt nødvendig og gledeleg avklaring, og vi forventar at alle kostnader knytt til koronaavtalen vert kompensert, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp).

På grunn av sms-en foreslo Ap og Sp å stryke påstanden om «eit klart løftebrot» frå vedtaket. Forslaget falt og løftebrot-formuleringa vart ståande.

Eit positivt signal, men KS må ta omsyn til det som står i budsjettet og til det Stortinget vedtar, ikkje ein SMS, seier KS til NRK.

Ifølgje KS hadde kommunesektoren koronautgifter på 6,5-7,5 milliardar kroner dei fire første månadene i 2021. Anslaget er basert på innsamla tal frå om lag 20 kommunar og nokre fylkeskommunar.

Torsdag fremja KS sitt eige budsjettinnspel der dei «tilrår sterkt» at Stortinget fattar eit oppmodingsvedtak til regjeringa som gir kommunesektoren visse for at dei koronarelaterte meirkostnadene i første halvår 2022 «faktisk vil bli dekte».

Kommunalministeren: – God og open dialog

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik seier til NRK at han opplever dialogen med kommunane og KS som god og open.

– Eg opplever at vi har ein veldig god og open dialog med KS som med kommunane. Dei har stilt spørsmål ved korleis formuleringane i kommuneproposisjonen var å forstå, og da var eg opptatt av å gi kommunane den tryggleiken som ligg her.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik gestikulerer og smiler på sitt kontor i Oslo
Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild Hjermundrud

Gjelsvik seier at ein må kome tilbake til dei konkrete beløpa når arbeidsgruppa, som no er i arbeid, har lagt fram sin endelege rapport for fyste halvår. Det skjer altså 1. september.