Kommune melder seg sjølv til politiet

Kinn kommune har meldt seg sjølv til politiet. Årsaka er at tidlegare Vågsøy kommune, som no er ein del av Kinn, fylte ut tusenvis av kubikkmeter stein i sjøen utan løyve.

Fylling på Nygårdstangen i Deknepollen

UTFYLLING: Her starta kommunen arbeidet med å fylle ut i sjøen, utan å ha løyve.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Rådmann i Kinn, Terje Heggheim, seier dette er alvorlege brot på både plan- og bygningslova og på forureiningslova.

– Eg meiner det er rett å melde saka til politiet. Hadde det vore ein privat entreprenør eller privat ansvarleg som hadde gjort same brot på same lovverk så hadde vi ikkje nølt. Vi hadde meldt det til politiet, seier han.

Fylkesmannen: – Har ikkje sett liknande

Dåverande Vågsøy kommune søkte i fjor om å fylle ut med tusenvis av kubikkmeter stein i sjøen ved Nygårdstangen utanfor Måløy i Nordfjord. Målet var å utvide området ved den maritime avdelinga ved Måløy vidaregåande skule.

Men arbeidet blei starta utan at løyve frå Fylkesmannen var på plass. Det skal vere fylt ut om lag 14.000 kubikkmeter massar. Miljødirektør Kjell Kvingedal hos Fylkesmannen i Vestland sa han ikkje har sett liknande.

– Det er ei ganske underleg sak. Eg har ikkje opplevd at nokon har søkt løyve etter forureiningslova og samstundes går i gang med å gjennomføre tiltaka.

Seier det er viktig for tilliten

Fylling på Nygårdstangen i Deknepollen

SØKTE: Vågsøy kommune søkte, men venta ikkje på løyve.

Foto: Harald Kolseth / NRK

No har altså kommune meldt seg sjølv til politiet. Rådmann Terje Heggheim seier at skal dei ha tillit i næringslivet og blant utbyggjarar, er dei nøydde til å vise at kommunen blir behandla likt som andre byggherrar.

– Det er heilt spesielt å melde seg sjølv til politiet. Eg trur ikkje det er vanleg, men vi kunne ikkje stått rakrygga i framtida og krevje av private utbyggjarar at dei skal halde seg til lovverket medan kommunen durar på. Slik hadde det sikkert hadde blitt opplevd.

NRK har vore i kontakt med både tidlegare rådmann i Vågsøy kommune, Jeanette Jensen, og tidlegare ordførar, Kristin Maurstad. Begge viser vidare til rådmannen i Kinn.

Veit ikkje kva som skjer med området

Miljødirektør Kjell Kvingedal hos Fylkesmannen i Vestland seier i dag at han er kjent med politimeldinga.

– Vi avventar tilbakemeldinga frå kommunen innan 9. mars, og vi har avtalt eit møte i Florø seinare i månaden for å følge opp denne saka, seier han.

Rådmann Terje Heggheim veit enno ikkje kva som vil skje med området som allereie er utfylt.

– Vi har laga ei framstilling til Fylkesmannen der vi seier kva som har skjedd og kva som ikkje har skjedd. Den korte versjonen er at Vågsøy kommune søkte, men ikkje venta på svar før arbeidet blei sett i gang. Korleis det kunne skje, er noko vi skal finne ut av, seier han.

HADDE IKKJE LØYVE: Utfyllinga på Nygårdstangen blei sett i gang utan løyve. Dei raude områda viser Kinn kommune som fram til nyttår var kommunane Vågsøy (øvst) og Flora.