61 kommunale vegar med til saman 50 kilometer. På øyer og fastland, i små grender og i byane Florø og Måløy. Dette er kuttlista til Kinn kommune når det skal sparast pengar.
Løysinga: Overføre ansvaret – og kostnaden – for vegane til dei som bur der.
– Kommunen har tatt i alt for hardt og gått litt for langt i forslaget om å prøve å privatisere vegane, seier Daniel Henriksson, gruppeleiar i Raudt Kinn.
Firdaposten omtalte saka fyrst.
Henriksson kallar det «ei storstilt sentraliseringssak» og viser til at mange av vegane på lista ligg i utkantane av kommunen.
Mange vurderer å gjere det same
Blir vegplanen vedtatt, føyer Kinn Kommune seg inn i ei lang rekke kommunar som dei siste 20 åra har lempa vegansvar over på innbyggjarane.
Lenvik i Troms, Alvdal i Innlandet, Ørsta på Sunnmøre, Bærum og Asker i Akershus, og Samnanger i Vestland er berre nokre eksempel.
No kjem fleire etter. Frå 1. januar 2024 vart 24 vegar i Kviteseid i Telemark gjort private. Kommunane Levanger og Rennebu i Trøndelag, Lier i Buskerud og Vestvågøy i Nordland har liknande forslag oppe til vurdering. Til saman kan fleire hundre kommunale vegar bli gjort private i løpet av året.
I mai fortalde Trønder-Avisa om Arnt Jørgen Martinsen som er éin av tre grunneigarar langs Settenvegen i Steinkjer i Trøndelag. I juni blei det vedtatt; vegen deira blei tvangsprivatisert.
– Vi veit ikkje kva vi skal gjere. Vegen er ikkje i godkjent standard, men vi har ingen høve til å klage på vedtaket.
Plutseleg stod Martinsen med 500 meter grusveg han må brøyte sjølv. Han estimerer at han har fått mellom 15 000 – 20 000 kroner i ekstra utgift årleg.
Kommunane har lova på si side
– Kommunane har lov til å gjere dette, men det føreset at dei har gjort ei god kartlegging av desse vegane og at kommunen veit kva det betyr å legge dette ansvaret over på innbyggjarane, seier Anne Johanne Enger.
Ho er spesialrådgjevar for samferdsel i kommunane sin interesseorganisasjon, KS.
Ei slik privatisering vil føre til at ansvaret for dagleg drift av vegar blir lagt på dei som bur langs vegane. Dette inneber brøyting, strøing, vegoppmerking, lyssetjing, kosting og reparasjon ved eventuelle skader.
Grendelaga mobiliserer
Forslaget i Kinn er lagt ut på høyring. No jobbar grendelaga for å la vegane bli verande kommunale.
Elin Tveit Sveen er éin av 46 fastbuande på Svanøy. Alle vegane på øya hennar står i fare for å bli privatisert.
– Ein del av vegane er framleis grusveg. Nokre av dei er i dårleg stand. Vi ynskjer at vegane blir oppgraderte vegan viss dei har lyst å privatisere dei. Dei kan ikkje gje oss vegar som allereie er i dårleg stand, seier Sveen.
På øya finn ein det nasjonale hjortesenteret og store oppdrettsanlegg.
Innbyggjarane er heilt avhengige av at nødetatar og heimesjukepleie kan kome seg fram, året rundt. Både Sveen og Henriksson i Raudt peikar på at det er eit stort ansvar å halde ved like vegane slik at dette blir mogeleg.
Håpar den endelege lista blir kortare
Høgre-ordførar i Kinn Bengt Solheim-Olsen fortel at alle dei 61 vegane som står på lista i vedtaket vil bli vurderte.
– Prinsipielt skal dei kommunale vegane tene samfunnet, seier han.
Han legg ved at lista kjem nok til å vere kortare etter det endelege vedtaket.
Enger i KS fortel at i andre kommunar, som i Bærum og Asker, har det blitt oppretta tilskotsordningar der grendelaga får noko økonomisk kompensasjon for nokre av dei ekstra utgiftene dei får etter ei slik privatisering.
Kinn-ordføraren seier at kommunen vil ta stilling til slike ordningar fyrst etter at det blir vedtatt kva vegar som blir privatiserte.
– No skal saka opp til politisk behandling der vi skal sjå på praktiske og økonomiske konsekvensar. Då skal det vere rom for å uttale seg i prosessen. Vi skal sjølvsagt gjere dette på ein god og smidig måte.