Hopp til innhold

Kommune fjerna eigedomsskatt – vil spare ved å legge ned ungdommens kommunestyre

Hordalands nest største kommune har foreslått å fjerna nynorsk og sosialpengar etter at dei fjerna eigedomsskatten. No skal Askøy kutte ungdomstiltak. – Forslaga er dumme, seier ungdommen sjølv.

Jens Hestnes Andersen, ungdommens kommunestyre Askøy

UNGDOMSORDFØRAR: Jens Hestnes Andersen er ordførar i Ungdommens kommunestyre på Askøy. Han likar ikkje forslaga til rådmannen.

Foto: Privat

Frå nyttår vedtok kommunen vest for Bergen å fjerne eigedomsskatten. Det blei følgt opp med forslag om å kutte nynorsk i skulen, for å spare pengar.

I april skreiv NRK at Askøy vil kutte i sosialstønaden til familiar med mange barn.

No er det i administrasjonen rådmannen vil skjere ned.

Ifølgje innstillinga til rådmann Eystein Venneslan kan kommunen spare inn 370.000 kroner i året ved å kutte ungdommens kommunestyre.

– Vi må ha ein økonomi som går i balanse. Driftsgrunnlaget i Askøy er høgare enn inntektsgrunnlaget, seier rådmannen til NRK.

Ungdomsråd kan bli pålagde

I si innstilling foreslår han å kutte i tiltak som ikkje er pålagde av lova.

I dag jobbar ein rådgivar, som også er sekretær, med å følge opp ungdommane. I tillegg har ungdomsstyret eit budsjett på 100.000 kroner dei kan fordele til formål dei sjølve vel.

Stortinget har vedteke at alle kommunar skal ha eit ungdomsråd. Forskrifta er på høyring og kan tre i kraft frå hausten av. Regjeringa meiner det er viktig at gruppene får delta i lokaldemokratiet.

Rådmann i Askøy, Eystein Venneslan

RÅDMANN: Rådmann Eystein Venneslan må kutte i budsjetta. – Den største utfordringa er knytt til at endringa om eigedomsskatt kom brått på. Det er ikkje berre å snu ein stor kommuneøkonomi frå desember til januar, seier han.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Ungdomsordførar: – Forslaga er dumme

Ungdommen sjølv fryktar å bli utestengde viss ungdomsstyret blir lagd ned.

– Vi tenker at desse forslaga er dumme. Dei vil ramme ungdom direkte og gjere at ungdom på Askøy ikkje blir høyrde i same grad som vi har blitt til no, seier Jens Hestnes Andersen, ordførar for ungdommens kommunestyre.

I tillegg foreslår rådmannen å kutte ei rekke andre stillingar i kommunen. Det vil bety slutt på rettleiing for nyutdanna lærarar, faget ungt entreprenørskap og koordinering av praksis for elevar.

Totalt vil kommunen spare 1.837.000 kronar, ifølgje utrekninga til rådmannen.

– Å ta vekk ungdommens kommunestyre er det kjipaste tiltaket. Alle desse kutta rammar ungdom direkte, og då må nokon seie ifrå, seier Andersen.

Ordførar Terje Mathiassen i Askøy kommune

MISTA FLEIRTAL: Arbeidarpartiet på Askøy meiner at eigedomsskatt er naudsynt for å få kommuneøkonomien til å gå rundt. Dei har ordføraren, Terje Mathiassen (bildet), men mista fleirtal i haust og styrar på budsjettet til opposisjonen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Fjerna eigedomsskatt – kutta i barnebidrag

Askøy kommune fjerna eigedomsskatten frå nyttår. Arbeidarpartiet sit med ordføraren, men etter at ein representant frå partiet melde seg ut, fekk dei ikkje fleirtal for budsjettet sitt. Eigedomsskatten på Askøy utgjer 55 millionar kroner.

Rådmannen seier at kommunen uansett måtte kutte, men at mangel på inntekt frå eigedomsskatt gjer det endå vanskelegare.

– Eigedomsskatten gjer at vi måtte auke det arbeidet. Det er ganske mange saker som kjem no for å få balanse i kommuneøkonomien. Dette er ei av dei, seier rådmann Venneslan.

Askøybroen sett fra Bergen mot Askøy

ASKØY: Askøy er den nest største kommunen i Hordaland med 29.275 innbyggarar.

Foto: Guillaume Baviere / Wikimedia

Politikarane i kommunen skal ta stilling til forslaget i utval for oppvekst komande onsdag. Ordførar Terje Mathiassen (Ap) styrer på budsjettet til opposisjonen, og er ikkje nøgd.

– Forslaga er utfordrande. Sjølv om mange av tiltaka rådmannen foreslår ikkje er lovpålagde, er det viktig arbeid, seier han.

Høgre meiner Askøy har for høge utgifter til administrasjon, og meiner at kommunen uansett må kutte.

– Det har vore for høge driftsutgifter i kommunen, og no må vi ta tak, seier Siv Høgtun frå Høgre.