Hopp til innhold

Kommunar seier nei til å ta i mot flyktningar

– Den største utfordringa er at dei har fått beskjed om at dei skal vere her i landet, utan at dei har ein kommune å bu i, seier Bente Blytt i integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Syriske flyktninger

Fleire syriske overføringsflyktningar kjem til Noreg i år. For fleire av dei kan flyktningleiren i Kobani bli erstatta med norske kommunar.

Foto: Osman Orsal / Reuters

På norske mottak sit det i dag kring 5000 flyktningar og ventar på å få tildelt ein kommune å bu i. Men sjølv om ventelista er lang, seier mange at dei ikkje kan ta i mot dei flyktningane dei blir bedt om.

Bente Blytt

– Dei kommunane som er flinke til å planlegge på sikt, klarar å løyse utfordringane med nok bustadar og ressursar, seier assisterande regiondirektør Bente Blytt i integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Foto: privat

Det fører til at mange blir buande på asylmottak lenge.

– Den største utfordringa er at dei har fått beskjed om at dei skal vere her i landet, utan at dei har ein kommune å bu i, seier assisterande regiondirektør Bente Blytt i integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

– Dei får ikkje starta med opplæring og kvalifisering til arbeid, dei får ikkje lært det norske språket, eller byrja med integreringa i kommunen. Alt dette må skje i ein kommune og ikkje på eit mottak, seier ho.

LES OGSÅ: Nordland skal bosette flest flyktninger i Norge | Han vil bu i Førde, men svært mange flyktningar flyttar til storbyar

5000 flyktningar ventar på plass

I 2014 blei kommunane bedde om å ta imot 10.000 flyktningar, men tok imot til saman 7784. I Hordaland har kommunane i år sagt ja til å busetje 705 flyktningar, medan dei blei bedde om å ta i mot eit par hundre fleire.

Også i år bør talet på plassar i kommunane på landsbasis komme opp i 10.000, men framleis manglar mange, fortel Blytt.

– I fjor hadde me heller ikkje nok plassar, så dei sit framleis på mottaka. I tillegg kjem det nye som også skal busetjast.

– For dårlege til å planlegge

– Kva grunngjeving får de frå kommunane på at dei ikkje kan ta mot fleire?

– Det er ulike grunngjevingar frå kommune til kommune. Det me kan mangle mest er den langsiktige planlegginga om å ta i mot flyktningar. Dei kommunane som er flinke til å planlegge på sikt, klarar å løyse utfordringane med nok bustadar og ressursar.

– Me jobbar for å få kommunane til å jobbe med dette som eit heilt ordinært område som eldreomsorg, skular, barnehagar og helse. Dette er ein del av det framtidige Noreg. Det vil komme flyktningar som dei skal ta i mot i kommunen, seier Blytt.