Bruker falske kommune-profilar til islamhets på Twitter

Kommunenamn over heile landet vert misbrukte av anonyme anti-islamistar på Twitter. Sjikanen kjem via falske kontoar på nettsamfunnet.

Falsk Twitter-konto

FALSK KONTO: Anti-islamistar brukar falske Twitter-kontoar for å spreie propaganda.

Foto: Twitter

Ordførar Arve Helle (Ap) i Fjaler er blant dei som er opprørte over at nokon har oppretta proil på Twitter med kommunen sitt namn for deretter å spreie anti-islamsk hets.

– Eg reagerte jo sterkt då eg vart gjort merksam på dette. Dette innhaldet er jo noko som verken eg eller andre i lokalsamfunnet vårt vil stå inne for, seier Helle til NRK.

Ei lang rekke kommunar i Norge har fått namnet sitt knytt opp mot falske Twitter-kontoar, der antiislamistar mellom anna hevdar følgjande:

«Muslimer har myrdet mer enn alle ideologier tilsammen» og at «Kongen bør avsette terrorist regjeringen Stoltenberg».

Vil setje ein stoppar

Leiar Arne Tumyr for organisasjonen "Stopp islamiseringen av Norge" nektar for at dei har noko med dei falske kontoane å gjere, men sler likevel fast at han er samd i det som vert formidla.

Ap-ordføraren i Fjaler meiner at dei råka kommunane no må sørge for å få sett ein stoppar for den falske Twitter-bruken.

– Dette er jo ganske alvorleg. Vi må snakkast i lag og få ein slutt på dette, sler Arve Helle fast.

Arve Helle

REAGERER STERKT: Ordførar i Fjaler, Arve Helle.

Foto: Johan Moen / NRK

– Veldig i gråsona

Men medievitar og ekspert på sosiale medier, Albertine Aaberge, trur det kan bli vanskeleg å få stoppa bruken av Twitter-kontoar som knyter seg opp mot norske kommunenamn, som til dømes Oslosiden og Trondheimsiden.

– Dette er veldig i gråsona. I Norge så er ytringsfridomen så veldig sentral. Men det tyder jo ikkje at alt er lov å leggje ut på internett, så meiningar som er til dømes trugande eller rasistiske kan vere straffbare, seier Aaberge.

Trur dei har god kunnskap

Ho trur at personane som står bak Twitter-kontoane har god kunnskap om bruk av sosiale medier.

– Det er veldig vanskeleg å verge seg mot dette. Så lenge folk er ute på nettet, og det er så lett å ta i bruk sosiale medier, så vil det vere folk som utnyttar det på ein måte som ein ikkje aksepterer.

– Kan vere straffbart

– Ordføraren i Fjaler vil jo gripe tak i dette og prøve å få gjort noko med det. Kva kan han og andre gjere?

– Først og fremst så finst det på desse tenestene ei lenke der ein kan rapportere innhaldet. Her gjeld det til dømes hatfremjande ytringar. Men om ein skal gå grundigare til verks, så kan ein ta kontakt med politiet og melde det. Det kan vere straffbart, meiner Aaberge.