Hopp til innhold

Kommunar kuttar talet på politikarar for å spare pengar

Ny oversikt viser at norske kommunar kuttar eit hundretals lokalpolitikarar. Tendensen er mest tydeleg i dei nye kommunane.

Sunnfjord kommunestyre

SUNNFJORD KOMMUNESTYRE: Førjulstida er ofte kuttid for kommunane. Då skal dei bestemme kva dei skal bruke pengar på neste år, og fleire brukte sparekniven på seg sjølve.

Foto: Steinar Lote / NRK

I år skal du bestemme kven som skal styre kommunen din. Men du har langt færre å stemme på.

Forklaringa er at ei rekkje kommunar kuttar i talet på politikarar.

Fagbladet Kommunal Rapport har talt opp kor mange færre politikarar det blir.

Oversikta viser at 28 kommunar har bestemt seg for å kutte i alt 164 politikarar.

Det er særleg nye kommunar (etter samanslåinga i 2020) som reduserer talet på kommunestyrerepresentantar.

Senja kommune i Troms er blant dei som har gjort det største kuttet. Dei fjerna ein tredel av kommunestyret.

– Eit høgare tal folkevalde medfører høgare utgifter. Reduksjonen i Senja frå neste periode medfører ei årleg innsparing på rundt ein million kroner, seier ordførar Tom Rune Eliseussen (Sp).

– Viktig at dei ikkje blir slanka for mykje

Jacob Aars er professor ved Institutt for politikk og forvaltning (UiB). Han seier til NRK at det historisk sett har vore mange kommunestyrerepresentantar i Noreg, og at dette har «gjeve ei brei kontaktflate mellom mellomveljarane og dei som er vald».

Han åtvarar mot at «elite-forsamlingar» vil svekkje dette sambandet.

– Det er viktig at kommunestyra ikkje blir slanka for mykje. Over tid kan det gå ut over den demokratiske kontrollen, og dessutan svekkje rekrutteringa.

Sigbjørn Gjelsvik

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) stiller spørsmålsteikn ved kor mykje pengar det er å spare på å kutte i talet på representantar i kommunestyret.

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Vestby i Follo har kutta talet på kommunestyrerepresentantar frå 35 til 27.

Vestby avis skriv at kommunen sparer 480.000 kroner på grepet.

– Vi har eit sabla stramt budsjett. Her kan vi spare ein halv million kroner i året på det vi sjølv held på med, sa Knut Toftner frå Bygdelista til motstandarane under eit møte i kommunen før jul.

Stad kommune med over 9.000 innbyggarar vurderte å kutte frå 33 til 27. Men eit delt kommunestyre gjorde at dei i staden hamna på 31. Ordførar Gunnar Silden (V) ville kutte endå meir (ned til 29).

Sogndal kommune med over 12.000 innbyggarar kutta frå 37 til 31. Ordførar Arnstein Menes (Sp) seier dei sparer om lag 250.000 kroner på vedtaket.

– Vi ville spare noko økonomisk. Talet på medlemmar heng i tillegg tett saman med prinsippet om gjennomgåande representasjon, seier han.

Sandnes kommunestyre 2019-2023 samlet til møte i kommunestyresalen. (På talerstolen Heidi Bjerga fra SV)

Scene frå eit kommunestyremøte i Sandnes før jul.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Ville ha fleire politikarar

Kinn kommune vurderte å kutte frå 39. Men der vart det inga endring. Sjølv om Jacob Nødseth (V) føreslo å auke talet til 43.

– Det er ei feilslutning når kommunar skal spare pengar på å kutte nokre hobby-politikarar som driv med politikk på fritida si. Vi treng fleire politikarar som kan vere med og styre. Det er viktig for demokratiet, seier han.

Kommunestyremøte i Kinn 16. juni 2022

IKKJE MANGE NOK: Jacob Nødseth (V) i midten vil helst bli omkransa av endå fleire politikarar på kommunestyremøte. Her er han med kollegaer i Kinn.

Foto: Bård Siem / NRK

NRK har forsøkt å finne ei fullstendig oversikt over kor mange færre lokalpolitikarar det bli. Men verken Statsforvaltaren eller Kommunaldepartementet veit talet.

Det nærmaste er undersøkingane til Kommunal Rapport.

Politisk redaktør Agnar Kaarbø seier fleire av dei samanslåtte storkommunane no kuttar i talet på representantar.

– Når desse vart etablerte var det sjølvsagt viktig å sørge for at alle delane av storkommunen var godt representerte. Då tek ein litt kraftig i med tanke på talet på representantar.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) seier det må vere opp til kvar enkelt kommune kor mange politikarar som skal sitje i kommunestyret, men legg til:

– Eg trur ikkje det er talet på kommunestyrerepresentantar som utgjer den største kostnaden i ein kommune.

Ordfører i Alta, Monica Nielsen, i kommunestyremøte.

Scene frå eit kommunestyremøte i Alta i fjor.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

I ein tidlegare utgåve sto det i ingressen at «norske kommunar kuttar fleire hundre lokalpolitikarar». Det riktige er at norsk kommunar kuttar eit hundretals lokalpolitikarar. Ingressen blei oppdatert onsdag 11.01.21, klokka 20.03.