Hopp til innhold

Kommunar i bodkrig om fastlegar

134.000 nordmenn er utan fastlege. Krisa gjer at Kommune-Noreg byrjar å by over kvarandre for å lokka til seg dei få som er.

Loen Skylift, cruisekip ved Loen og Olden i bakgrunnen, fjell og fjorder

NÅR KRUBBA ER TOM, BITST HESTANE: – Det er jo særs uheldig, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Stryn kommune, om at nabokommunane kjempar om fastlegane som er.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

– Det er synd at det blir slik. Det er ikkje vår intensjon å stele legar frå naboen, seier kommunalsjef for helse og sosial i Stryn kommune, Heidi Vederhus.

I dag står kvar tredje innbyggarar i den vesle kommunen utan fastlege.

For å bøte på problemet fann Vederhus fram dei største gulrøtene ho kunne: Fast løn, færre pasientar, mindre arbeid og administrasjonsfri.

– Vi blei nøydde til å prøve nye, kontroversielle metodar i rekrutteringa, forklarer Vederhus.

Det er berre eit problem. Blant søkarane til dei nye, lukrative fastlege-stillingane i Stryn er fleire søkarar frå nabokommunen. Dermed kan regionen vere like langt.

– At det blir kamp mellom kommunane, er jo veldig uheldig. Alle står i ein vanskeleg situasjon, og vi er tent med å rekruttere til heile regionen, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Stad, Barbro Longva.

Heidi Vederhus

UHELDIG: Kommunalsjef for helse og sosial i Stryn kommune, Heidi Vederhus, har spedd på frå kommunebudsjettet for å trekke fastlegane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Kommunar i bodkrig

Kommune-Noreg skrik etter både fastlegar og sjukepleiarar. Som lokkemiddel blir det oppretta stillingar med fastløn, avgrensa pasientlister, gratis bustad og ekstra tilskot til driftsutgifter.

Slike strategiar byrja nord i landet og har spreidd seg sørover. Det er ein konsekvens av at fastlegekrisa har eskalert, ifølge KS, kommunesektorens arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon.

– Krisa gjer at kommunane hamnar i bodkrig og byrjar å by over kvarandre, seier arbeidslivsdirektør i KS, Tor Arne Gangsø.

Tor Arne Gangsø

BODKRIG: – Fastlegekrisa medfører at kommunane byrjar å by over kvarandre, seier Tor Arne Gangsø, arbeidslivsdirektør i KS.

Foto: Pressefoto / KS

Rapporten Legebarometeret frå mai månad synte at 66 prosent av kommunane melde frå om utfordringar knytt til rekrutteringa av fastlegar.

Og 85 prosent av norske kommunar nyttar eigne middel til rekrutteringa, til saman om lag 600 millionar kroner.

– Det er altså kommunane sin vilje til å subsidiere som gjer at ein held liv i fastlegeordninga. Det var aldri meininga, seier Gangsø.

SLIT: Kartet syner ei oversikt over norske kommunar som i mai melde om utfordringar knytt til rekrutteringa av fastlegar.

Enormt arbeidspress

Legeforeininga har over fleire år ropt varsku om legemangelen. Størst er problemet i distrikta, men det er også liknande tendensar i dei større byane.

Berre i løpet av sist månad var det 10.000 som mista fastlegen. Til saman står i dag 134.000 innbyggjarar listeført utan.

– Årsaka til mangelen er høg arbeidsbelastning. Det gjer at fastlegane rømmer yrket, medan nye kvir seg for å gå inn i ordninga.

Det seier leiar i allmennlegeforeininga, Nils Kristian Klev.

Tal frå legeforeininga syner at fastlegane i snitt jobbar 56 timar kvar veke.

10 prosent av dei jobbar heile 75 timar i veka.

Norma er at fastlegar jobbar som sjølvstendig næringsdrivande. Legane blir i hovudsak løna basert på kor mange pasientar dei har.

Dei må sjølve sette av pengar til pensjon, sjukepengar og anna fråvær, samt utgifter til drifta av legekontoret.

– Viss ikkje kommunen tilbyr ei stilling med fastløn, må du som sjølvstendig jobbe 10–15 timar meir i veka for å få ei samanliknbar inntekt, seier Klev.

Leder i Allmennlegeforeningen Nils Kristian Klev

LEGEKRISA: Leiar i allmennlegeforeininga, Nils Kristian Klev, meiner kommunebudsjettet har blitt avgjerande for retten til fastlege.

Foto: Allmennlegeforening

Skuffa over ny statsråd

Før Ingvild Kjerkol (Ap) tiltredde som ny helse- og omsorgsminister, sa ho at fastlegeordninga ville vere hennar førsteprioritet som statsråd.

Til Tønsbergs Blad uttrykte ho at målet var å tredoble basistilskotet til fastlegane.

I tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet som kom denne veka har regjeringa foreslått å styrke allmennlegetenesta med ytterlegare 100 millionar kroner, utover det som allereie var tildelt i handlingsplanen til den førre regjeringa.

Helsepolitisk talskvinne for Arbeiderpartiet, Ingvild Kjerkol

PRIORITET: Den ferske helse- og omsorgsministeren Ingvild Kjerkol (Ap) har uttalt at det å redde fastlegeordninga vil vere hennar førsteprioritet som statsråd.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

Desse midla vil vere tilskot til legar som er under spesialisering i allmennmedisin, samt til kommunar som slit med å bemanne legevakt.

– Dette vil vere eit steg på vegen til å snu den negative utviklinga, seier Kjerkol.

Det held ikkje, meiner allmennlegeforeininga, som heller vil at helseministeren held løftet om å styrke basistilskotet.

– Det som er presentert no er langt frå det reelle behovet i kommunane. Krisa er her og no, og det hastar med tiltak, seier Klev.