Hopp til innhold

Kommunane skal få siste ord i vindkraft-saker, men ordførar fryktar «narrespel»

No kan kommunar velje å seie nei til etablering av vindkraft, men i Fitjar er ordføraren redd for at sakene likevel endar opp på statens bord.

Vindkraftanlegget på Midtfjellet, Fitjar

FITJAR: Vindkraftanlegget på Midtfjellet.

Foto: Siri Løken / NRK

– Eg vil seie at dette er ein gledas dag, ein siger for lokaldemokratiet, seier Petter Sortland (Ap) som er ordførar i Høyanger kommune.

Saman med regjeringspartia bestemte Frp mellom anna at kommunane får vetorett i vindkraftsaker.

– No har vi forhandla om vindkraftmeldinga. Der har Frp fått gjennomslag for dei sakene som har vore viktige for oss, sa stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp) til NRK onsdag.

På Stortinget var det allereie fleirtal for at kommunane får bestemme sjølve i desse sakene, etter at Arbeidarpartiet si stortingsgruppe støtta kravet førre veke.

Let seg ikkje lokke

Statlege myndigheiter har hatt siste ord i vindkraftsaker, fordi sakene har blitt behandla etter energilova. No skal framtidige vindkraftverk behandlast etter plan- og bygningslova.

Dermed blir det opp til lokale folkevalde å bestemme over areal i eigen kommune – i alle fall på papiret.

– All ære til dei som står bak. Det er veldig greitt å vite at vi sjølve kan seie ja eller nei til framtidige søknader, seier Sortland.

Petter Sortland (Ap)

SIGER: Ordførar Petter Sortland i Høyanger er nøgd.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han får støtte frå ordføraren i Masfjorden, Karstein Totland (H), som kallar seg tilhengar av lokal sjølvråderett.

– Dette er svært bra, her viser dei at kommunane blir lytta til. Veldig mange i lokalsamfunnet tykkjer vindkraftutbygging blir tredd nedover hovudet på dei. No vil vi i staden få ein grundig debatt, seier han.

Onsdag vart regjeringa og Frp også einige om å sikre lokal kompensasjon til vertskommunane for vindkraftanlegg. Det lokkar ikkje ordføraren i Masfjorden.

– Skatteinntekter fristar ikkje oss, slår han fast.

Kjende seg truga

I Fitjar er ordførar Harald Rydland (KrF) skeptisk til vetorett, av to grunnar. Han er redd for at sakene likevel hamner på bordet til statlege myndigheiter til slutt.

– Det er bra at lokalsamfunna vert høyrt, men samstundes er det eit nasjonalt ansvar å sikra kraftforsyninga. Dessutan er det godt mogleg at staten faktisk får siste ordet likevel, seier han.

Fitjar-ordfører Harald Rydland (KrF). Dette bildet er tatt etter valget i september 2019, før forhandlingene om hvem som skulle bli ordfører.

SKEPTISK: Ordførar Harald Rydland i Fitjar trur kommunane kan bli overprøvd likevel.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Det har nemleg vindkraftkommunen Fitjar erfart før.

Tidlegare vart vindkraftsaker nemleg handsama i tråd med plan- og bygningslova – slik som ein går tilbake til no. Rydland fortel at det var til lite hjelp då Fitjar planla vindturbinar på 2000-talet.

– Dersom vi pirka i planane, fekk vi til svar at då ville NVE legge inn motsegn og så kom departementet til å gjere som dei ville likevel. Den trugselen hang over oss heile vegen, og derfor opplevde vi det heile som eit narrespel, seier han.

Ser framleis lyst på framtida

Også tidsramma i vindkraftsaker blir stramma inn. No skal vindkraftanlegg på land vere i drift seinast fem år etter innvilga søknad. Å få til endring undervegs blir vanskelegare.

– Denne innstramminga er avgjerande, og kanskje endå viktigare enn vetoretten.

Det seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap) i Bremanger, som har fleire vindkraftparkar. Ho meiner det er uheldig med utbygging av gamle løyve når både kunnskapen og teknologien er endra.

– I mange av sakene har det gått lang tid, og det som blei bestemt for ti år sidan er gjerne endra i dag, seier ho.

Ola Lingaas

SKATT: Ole Lingaas i SFE/Vestavind kraft trur auka skatteinntekter kan lokka fram vindkraft-ja.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Prosjektdirektør Ola Lingaas i SFE/Vestavind kraft er ikkje uroleg for at innstrammingane vil stikke kjeppar i hjula for framtidige prosjekt.

– Vi ser eigentleg positivt på at vi får klare rammer og ryddigare og raskare prosessar, seier han, og legg til:

– Poenget med konsesjonsbehandling er å vege ulemper mot fordelar, og då vil det vere prosjekt som vil få avslag og prosjekt som går gjennom. Men når kommunane no får større del av skatteinntektene frå vindkraftanlegg, vil kanskje fleire vere positive til utbygging.

– Eit steg i riktig retning

Ingunn Kjelstad, leiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn, er glad for endringane som no er på veg. Ho meiner likevel det ikkje ligg tydelege føringar for kva lover ulike konsesjonssaker skal behandlast etter.

– Det er mykje som framleis er uklart, men det er likevel ein delsiger. Det er jo ikkje mange månadane sidan det var uaktuelt å gi kommunane meir sjølvråderett, så dette er eit steg i riktig retning, seier ho.

Helene Ødven

KRAV: Helene Ødven i DNT meiner både kommunane og miljøstyremaktene må få meir makt i vindkraftsaker.

Foto: Andre Marton Pedersen

Leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven, føyer seg inn i rekkja av folk som er nøgde.

– Det er ein skikkeleg fin dag for oss som er glade i natur og friluftsliv. Men auka lokal makt må følgjast opp med strenge krav til utgreiing, og høve til motsegn frå dei nasjonale miljøstyremaktene, seier ho.

– Men er det ein dårleg dag for klimakampen viss dette gir mindre rein energi i framtida?

– Nei, tvert imot. Naturvern og klimakamp går hand i hand. Vi har sett grelle eksempel på vindkraftverk som blir plassert i verdifull natur, og til dømes øydelegg myrar som lagrar CO2. Vi er ikkje vindkraftmotstandarar, det er plasseringa som er problemet, seier ho.