– Vi har eit moralsk ansvar for å hjelpe, seier ordførar Jenny Følling i Sunnfjord (Sp).
Ho ser bortover mot den kommunale flaggstonga der det heng eit ukrainsk flagg for å vise solidaritet overfor ukrainarane.
Følling omtalar krigen i Ukraina som «forferdeleg» og «uverkeleg».
– Vi må vise solidaritet og ta imot flyktningar, seier ho.
I Sunnfjord har dei sagt ja til å ta imot opp mot 42 flyktningar, men ifølgje ordføraren kan det bli endå fleire.
Måndag kom dei første ukrainske flyktningane til Noreg. 85 personar vart tekne imot på mottakssenteret i Råde kommune.
BLIR TEKNE IMOT HER: Måndag kom dei første 85 ukrainarane til det nasjonale mottakssenteret i Råde. Så blir dei sende vidare ut i ein norsk kommune.
Foto: Christian Nygaard-Monsen/NRK– Stort ønskje om å bidra
276 av 281 kommunar seier ja til å busetje fleire flyktningar.
75 kommunar har så langt ikkje svara.
Det viser ei kartlegging KS har gjennomført dei siste dagane.
– Kartlegginga viser at norske kommunar har eit stort ønskje om å bidra i dugnaden for å hjelpe menneske på flukt frå krigshandlingane i Ukraina, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.
Kommunane som er usikre på om dei kan ta imot flyktningar, grunngjev dette med manglande erfaring med å busetje flyktningar.
Tal frå FN viser at nesten 850.000 har flykta frå Ukraina så langt.
Det er venta at talet blir mangedobla dersom krigen held fram på same brutale måte.
VIL BIDRA: Kartlegginga viser at dei norske kommunane vil bidra til å ta imot ukrainske flyktningar, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.
Foto: Artur do Carmo / NRKSV vil ikkje setje tak
SV meiner Noreg om nødvendig må ta imot svært mange flyktningar.
– No er det behovet som må leggast til grunn og vi må ikkje setje noko tak på kor mange vi kan ta imot, seier innvandringspolitisk talsperson Grete Wold (SV).
Ho viser til at Noreg er eit rikt land og at vi kan ta imot mange flyktningar.
– Vi har ressursar til å ta imot mange og då må vi gjere det dersom behovet er der, seier ho. KrF har signalisert at vi minst kan ta imot 20.000 flyktningar.
IKKJE TAK: Innvandringspolitisk talsperson Grete Wold i SV vil ikkej sette nak på kor mange flyktningar Noreg skal ta imot.
Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRKStatsministeren avventande
Saman med KrF krev SV at ukrainske flyktningar får midlertidig opphald, utan individuelle vurderingar.
Vanlegvis skal kvoteflyktningar og asylsøkjarar få individuell behandling av saka si. SV og KrF meiner at det vil bli for tungvint. Venstre, MDG og Raudt støttar kravet.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) stiller seg avventande til om ukrainske flyktningar skal få kollektiv beskyttelse.
– No har vi god kontakt med dei andre europeiske landa om korleis vi skal møte dette, seier han til NTB.
Statsministeren fortel at Noreg skal ta sin del av ansvaret, men vil ikkje talfeste kor mange flyktningar vi kan ta imot.
AVVENTAR: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) stiller seg avventande til om ukrainske flyktningar skal få kollektiv beskyttelse.
Foto: Terje Pedersen / NTBLes meir: Sender bussar for å henta ukrainske flyktningar til Noreg