Hopp til innhold

Kommunane må rydde opp sjølve

Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa er klokkeklar: Dette rotet får Vik og Bremanger ordne opp i sjølv.

Magnhild Meltveit Kleppa
Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Etter å ha lest Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin konklusjon var kommunalministeren kjapt ute med sin eigen:

- Det er kommunane sitt eige ansvar at dei har sett seg i denne situasjonen og deira eige ansvar at dei no ryddar opp, seier ho.

Forstår, men...

- Eg har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for Vik og Bremanger, men eg konstaterer at det er gjort lovbrot, seier Meltveit-Kleppa.