Hopp til innhold

Kommunane droppar å spare staum

Låge straumprisar gjer at kommunane droppar å tenke straumsparing. Legg seg på standardløysingar når det skal byggast for 1,5 milliard.

Trond Haavik

NY UNDERSØKING: Seniorrådgjevar i Segel AS har på oppdrag frå fylkeskommunen laga ei oversikt over energitiltak og nybygg i offentleg sektor.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Trass i politikarane sine festtaler, når spaden skal i jorda droppar dei fleste kommunane å bygge mest mogleg miljøvenleg.

Ei undersøking som vart lagt fram under Miljøbyggkonferansen på Nordfjordeid i går syner at kommunane i Sogn og Fjordane stort sett nøyer seg med å innfri minimumsstandarden på tekniske krav, utan at dei ser etter ytterlegare straumsparing.

Men haldninga kan straffe seg om få år. For skulane og omsorgssentera som no skal byggast, kan snart vere heilt gamaldagse.

Let seg styre av kortsiktig pengemangel

Sivilarkitekt Grete Marøy Sellevold i Nordplan AS meiner kommunane ikkje vågar å tenke nytt.

– Veldig mange offentlege prosjekt blir styrt av økonomi, og då er ikkje det å tenke nytt om straumsparing og energibruk det som er lengst framme, seier Sellevold.

Nordplan har planlagt og teikna fleire av dei store nye offentlege bygga i Sogn og Fjordane, mellom anna Operahuset på Nordfjordeid, og rådhuset i Førde.

Grete Marøy Sellevold og Oddvin Myklebust frå Nordplan

Sivilarkitekt Grete Marøy Sellevold og byggingeniør Oddvin Myklebust trur vi står framfor ei rivande utvikling. Det kan også skape arbeidsplassar om næringslivet lokalt er med.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men arkitekten meiner at trass låg straumpris kan byggeigarane hente mykje på å sjå etter nye og betre løysingar.

– Det er relativt enkle tiltak som kan gi stor effekt.

Kommunane skal bygge stort

Undersøkinga utført av Segel AS syner at med eit par unntak ser kommunane ikkje etter nye energiløysingar når dei bygger. Dette trass i at kommunane dei neste to åra skal bygge for 1,5 milliardar kroner. Sogndal, Flora, Eid og Vågsøy skal bygge mest.

Seniorrådgjevar i Segel Trond Haavik seier det er eit sprik mellom politiske vyar om klima og miljø, og kva som faktisk skjer når spaden skal i jorda.

– Når det kjem til konkrete prosjekt er det ikkje teke omsyn til energisparing utover det som er minimum i byggeføreskrifta.

– Men er ikkje det også forståeleg i ei tid med høge byggekostnadar og låge straumprisar?

– Det er der slaget står i dei ulike prosjekta. Men det er mange interessante døme som syner at energisparing løner seg.

– Utfordrande å prioritere

Rådmann i Høyanger Arve Varden er ikkje overraska over resultata i undersøkinga.

– Det er utfordrande å skulle bygge litt dyrare i dag for kanskje å få ein gevinst på fem-seks år, når ein også skal prioritere skular, barnehagar og omsorg. Vi har ein jobb å gjere med haldningar, også i leiinga på rådhusa. Kanskje kan også statlege ordningar hjelpe.

Snart skal husa produsere straum

Bransjen meiner det uansett er kort tid til husa våre, men også offentlege bygg skal ned på eit endå lågare energiforbruk. Dermed kan skulane og omsorgssentera som no skal reisast vere energimessig utdaterte om nokre år. Regjeringa har send nye energikrav til bygg på høyring, målet er å nærme seg passivhusnivå, og deretter til nesten nullenerginivå.

Sivilingeniør Oddvin Myklebust i Nordplan spår ei rivande utvikling.

– Så langt har ein eigentleg gått med forsiktige steg. Det som no ligg ute vil ta oss eit voldsomt langt steg vidare. Vi snakkar om ei forbetring på 30 prosent samanlikna med dagens energibruk i nye bygg. Det neste steget blir bygg som kan produsere energi sjølve.