Kommentar: Rolf Sanne-Gundersen, distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Ingen er vel overraska over at det på nytt er bråk i Flora Høgre.
Etter at Flora Høgre vann valet i 2011 og sjølvsikkert tok plass på ordførarkontoret i kystbyen, har det vore intern uro i det største partilaget til Høgre i Sogn og Fjordane.
Sjukemeldingar, intern krangel mellom sentrale partimedlem, mislukka oppklaringsmøte, oppsiktsvekkande pressekonferansar og påstandar om maktkamp har prega Flora Høgre. I sentrum av uroa har det unge politiske talentet Jacob Nødseth stått.
Bråk igjen
24-åringen er ikkje berre representant i bystyret, han er medlem av formannskapet, leiar av helse- og sosialutvalet, vara til fylkestinget og vara til Stortinget for Høgre.
Rullebladet er langt og til dels imponerande, men det gjeld også rullebladet over interne partikranglar i det offentlege rom.
No er det altså bråk igjen, og no er det alvor. Sentralt i kampen står sjølvsagt Nødseth og lokallagsleiar Vidar Grønnevik.
- LES OGSÅ:
Grønnevik har regien
Jacob Nødseth har ikkje berre uvener i Høgre. Slett ikkje. Denne veka vart ein av hans forsvarar, Hilmar Eliasson, kasta som medlem til det nye styret i Flora Høgre. Eliasson kvitterte med å melde seg ut av Høgre og bystyregruppa i protest mot måten Jacob Nødseth blir behandla på.
Mykje tyder på at Vidar Grønnevik har regien bak vrakinga av Eliasson som styremedlem, slik han også har regien bak forsøket på ”endeleg” å bli kvitt Jacob Nødseth. Oppgjerets time for å få ro i partiet, dersom det er mogeleg. I andre parti i Florø blir det sagt at det alltid har vore og vil vere uro i Høgre i Florø.
Ryddig prosess, men
Offisielt forsøker Grønnevik å gi uttrykk for ein ryddig prosess.
Han seier i dag at det er bystyregruppa, som han sjølv sit i, som no har bede styret i Flora Høgre, med Grønnevik som leiar, om å vurdere framtida til Nødseth.
Eksklusjon er ordet på det som blir tolka som ei illojal handling. Og handlinga er ei sak Firda og NRK omtalte for nokre veker sidan.
Kort fortalt skulda Jacob Nødseth partikollega Vidar Grønnevik for rolleblanding i eit kommunalt selskap. Kontrollutvalet konkluderte med at det ikkje var gjort noko lovstridig, og saka kom ikkje til realitetsbehandling i utvalet. For Grønnevik var denne saka den mykje omtalte dråpen.
Sjeldan eksklusjon
I Høgre er eksklusjon ein uvanleg metode for å bli kvitt eit brysamt medlem. Sist det skjedde i det offentlege rom var forsøket på å ekskludere profilerte Georg Apenes i 2008. Den tidlegare leiaren i Datatilsynet hadde omtalt ein partikollega og stortingsrepresentant i Høgre som udugeleg og inkompetent. Eksklusjonen vart ikkje gjennomført etter press frå partiet sentralt.
I Sogn og Fjordane har det ikkje vore ei eksklusjonssak i Høgre dei siste 20 åra. I alle fall ikkje så langt dei to siste partisekretærane kan hugse. Med andre ord ligg lista for eksklusjon høgt. Eit lokallag kan vedta å ekskludere eit partimedlem, men den ekskluderte kan anke til Fylkesstyret og/eller Sentralstyret i Høgre. Det tek tid, og det medfører mykje negativ merksemd. I og for seg ikkje noko nytt for Flora Høgre. Spørsmålet er kva ei eksklusjonssak vil velte fram av interne konfliktar?
Likevel er viljen til å bli kvitt Jacob Nødseth så stor at eksklusjon blir sagt høgt i Flora Høgre, også av Vidar Grønnevik. Ja, han sa det faktisk før han fekk brevet frå bystyregruppa. Med Eliasson ute av styret kan det vere lettare å få 2/3-delars fleirtal for å gjennomføre ei eksklusjonssak, men då må dei ha eit faktisk grunnlag.
Blir ikkje ro
Trass sin korte, men innhaldsrike politiske karriere har Nødseth markert seg som ein tydeleg og kompromisslaus politikar.
Internt i Høgre vil dei bli kvitt han fordi han ikkje vil rette seg etter partiets reglar og fordi andre medlemmer i partigruppa misliker stilen hans. Dei blir sjuke, blir det hevda. Han er illojal blir det også sagt, og den saka styret no skal behandle er altså at kommunen måtte vurdere om næringslivsleiaren og politikaren Vidar Grønnevik var habil i ei konkret sak.
Skal Nødseth bli ekskludert for ei slik sak samtidig som mellom andre KS-direktør Sigrun Vågeng presiserer at det er viktig med god eigenkontroll i kommunane for å unngå korrupsjon? Eller skal Nødseth bli refsa fordi han braut interne reglar i partiet om ikkje å uttale seg om andre partikollegaer i det offentlege rom?
Sett frå utsida er eksklusjonsgrunnlaget tynt, men ei lang rekke saker kan felle Nødseth dersom styret i partiet våger å ta det skrittet. Og det ser ut som om Grønnevik allereie har bestemt seg.
Uansett utfallet av denne saka. Ro i Flora Høgre vil det ikkje bli på lang tid.