Hopp til innhold

KOMMENTAR: No legg Ottar seg i kvilestilling

Det store spørsmålet i Selje blir kven som overtek etter Ottar Nygård.

Ottar Nygård

TAKKAR AV: Ordførar i Selje, Ottar Nygård, under ei pressesamling på Nordfjord sjukehus ved eit tidlegare høve.

Foto: NRK

Vallogo

Selje skal få ny ordførar frå hausten. Dagens ordførar Ottar Nygård frå Tverrpolitisk liste stiller ikkje på igjen. Den tverrpolitiske lista kom som ein protest mot Arbeidarpartiet sine standpunkt både på fylket og nasjonalt i sjukehusstriden i Nordfjord. Dei gjorde eit brakval i 2011. Nygård var tidlegare Ap-mann, og var ein av mange som melde seg ut av partiet i protest framfor 2011-valet.

Sjukehusstriden i Nordfjord har roa seg dei siste fire åra, men Tverrpolitisk liste stiller på igjen, no med Jan Vidar Smenes på topp. Det blir spennande om dei greier å halde tilnærma den oppslutninga dei fekk for fire år sidan. Selje er også ein sterk Frp-kommune og har fire representantar i dagens kommunestyre. Svein Hansen stiller ikkje på igjen og har overlate topp-plassen og ordførarkandidaturet til Marita Aarvik. KrF er også tradisjonelt eit sterkt parti i Selje og har hatt Gunn Helgesen som ordførar i 12 år. Helgesen stiller ikkje denne gongen, no er toppkandidaten Stein Robert Osdal.

Dermed må kommunen snu alle steinar og sjå kvar dei kan spare

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Høgre har også lege rundt 17 prosent oppslutning ved dei to siste vala og skifter også ordførarkandidat. Magni Myklebust har tidlegare vore ordførar og var toppkandidat ved sist val. No er det Geir Årvik, dagleg leiar for UniformPartner i Selje som er førstekandidat. Men han har alt vore ute i Fjordenes Tidende og sagt han ikkje har tid til å vere ordførar. Senterpartiet er også med i partifloraen i Selje, og har i dag varaordføraren, Gunn Sande. Ho stiller på igjen. Venstre var også med for fire år sidan men stiller ikkje liste i år.

Selje slit med folketalsnedgang og trong økonomi. Dei er på den såkalla Robek-lista som betyr at Fylkesmannen følgjer dei ekstra nøye og må godkjenne til dømes låneopptak. Dermed må kommunen snu alle steinar og sjå kvar dei kan spare. Dei ser på flytting av ungdomsskuleelevane frå Leikanger på Stadlandet til Selje sentrum. Dei ser på nedlegging av legekontoret på Leikanger av di det treng pengar til opprusting. På inntektssida har dei debatten om eigedomsskatt. Kommunen har innført eigedomsskatt på bustader frå og med i år, men ikkje på næring. Selje har også kraftaksjar i SFE som kan seljast, og den diskusjonen har vore og er framleis aktuell både her og i andre kommunar.

Når Selje ser på ny kommunestruktur er de heilt naturleg for dei å ta med sin næraste nabo i nord, Vanylven, sjølv om den ligg i eit anna fylke. Og så ser dei sørover til Vågsøy. Blikket innover fjorden stoggar vel med Eid, slik som stoda er no, og kor langt sørover Selje vil vere med på fusjon er like mykje opp til kommunane lenger sør. Men Bremanger kan vere aktuell – i alle fall om ein trur at det kan komme ei bru også over ytre Nordfjorden i overskodeleg framtid. Elles ventar nok Selje på byggestart for skipstunnelen gjennom Stad. Det vil kunne gje eit oppsving i første rekke i anleggsperioden, og deretter ved auka kysttrafikk der Selje kan håpe på ein effekt for eigen del.