Hopp til innhold

Naustdal, Brussel og eksportert ungdom

Slaget om Førdefjorden er over. No er det berre ungdommen som kan redde han.

Gjøringbøfjellet frå Vevring

VEVRING: Nordic Mining har fått løyve til å deponere 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kommentar

Fredag valde regjeringa å prioritere opprettinga av 500 arbeidsplassar. Konsekvensen er å dumpe millionar av tonn gruveavfall i den nasjonale laksefjorden Førdefjorden. I miljørørsla vart bodskapen teke i mot med sorg, raseri og resignasjon.

Venstre-leiar Trine Skei Grande fortel at ho vart ringt opp av kommunalminister Jan Tore Sanner som ville varsle ho om dårlege nyhende før det sprakk i media. Ho svarte:

Det e' vel faen itj fjordan' vel?

Men det var fjordane. Ho bestilte sporenstreks billett på måndagsflyet til Førde for å mobilisere motstand. Onsdag kom SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell i same ærend. Saman har dei to partia teke initiativ til å løfte saka inn i Stortinget. Der finn dei lite draghjelp. Ap har allereie avvist å støtte forslaget.

Kva er så vegen vidare?

Det er tre moglege spor, vi kjenner til så langt. I Naustdal. I Brussel. Og i Sogn og Fjordane si største eksportvare: ungdom.

Det vanskelegaste og kanskje mest urealistiske er i Naustdal. Kommunen har vedteke ein reguleringsplan som opnar for gruvedrift. Men politiske planar er berre gyldige fram til ein vedtek ein ny. Eit eventuelt nytt (miljø-) fleirtal i Naustdal kommunestyre står fritt til å vedta nye planar som stoppar, eller i det minste vanskelegg, gruve- og deponiprosjektet. Problemet er at det kan få ein svært dyr pris. Om du har kjøpt ei tomt der du planlegg å byggje hus, men kommunen plutseleg omregulerer den til næringsareal, kan du saksøke kommunen. Nordic mining har allereie brukt 100 millionar på gruveprosjektet. Eit søksmål i den klassa kan knekkje ein liten kommune.

I Brussel ligg EFTA sitt overvakingsorgan ESA. Dei passar på at EØS-landa følgjer alle lovene og reglane i EU. For eksempel vassdirektivet som nyleg er innført i Noreg. Det pålegg landa å ta vare på vatnet sitt, og ikkje forureine det. Det er nettopp brot på dette direktivet som Noreg har blitt klaga inn for no. Bak den opphavlege klaga står florøværing og tidlegare naturvernforbundsleiar Stein Malkenes. Naturvernforbundet skal sende si eiga klage. Dette er internasjonal juss og forvaltning som går over hovudet på dei aller fleste. Utfallet er heilt uvisst.

Medan miljøforkjemparar og grøne politikarar i Sogn og Fjordane gremma seg på fredag, kasta nokon utflytta ungdommar i Oslo seg rundt. I løpet av helga samla dei 500 underskrifter på eit protestopprop som seier at det ikkje er eit slikt fylke dei vil flytte heim att til.

Hovudproblemet til Trivselsfylket har lenge vore den massive eksporten av ungdom. Og det er nettopp i håpet om å få fleire av dei tilbake at mange politikarar har ivra for prosjektet i Vevring. Om det syner seg at det er nettopp ungdommen som då for alvor vil vende fylket ryggen, fell mykje av argumentasjonen vekk.

Spørsmålet er kor ekte og vedvarande engasjementet til ungdommen faktisk er. Mellom anna kan ein stille spørsmål ved om den 47 år gamle fylkessekretæren til Venstre høyrer heime på ungdommen sin underskriftsaksjon. Viss vi går ut frå at resten av dei underteikna faktisk høyrer til dei unge slekter, må dei framleis bevise at dette betyr noko for dei. Då kan dei bevege sjølv nærings- og industriparti som Høgre og Ap. Saman med Frp og Senterpartiet ville det vere mildt sagt ubehageleg for desse å bli oppfatta som regelrett ungdomsfiendtlege midt i ein lokal valkamp.

For alle partia i Sogn og Fjordane er opptekne av korleis fylket skal vekse og styrke seg i framtida. Det er heilt umogleg utan ungdom.