Hopp til innhold

KOMMENTAR: I Vågsøy kan kampen stå mellom desse to

Blir det Morten eller Kristin på topp i Vågsøy?

Morten Hagen og Kristin Maurstad

KJEMPAR OM KLUBBA: Morten Hagen (H) og Kristin Maurstad (Ap).

Foto: NRK

Vallogo

Ved valet i Vågsøy for fire år sidan vart Høgre den klåre vinnaren med nesten 30 prosent oppslutning medan fire utfordrar fekk mindre enn halvparten så mykje. Morten Hagen tok over ordførarklubba etter Roger B. Silden som var vald inn for Ap, men melde seg ut av partiet i protest mot partiet sin politikk i forhold til Nordfjord sjukehus. Med eit så sterkt resultat sist, blir spenningsmomentet i første rekk om Høgre kan komme opp mot same nivå også denne gongen, og i tilfelle sit Morten Hagen trygt.

Heile åtte andre lister er utfordrarar. Ap stiller igjen med Kristin Maurstad som gjorde eit dårleg val sist, men som etter kvart har ein fyldig og variert politisk CV. Ho er varaordførar denne perioden. Frp er rimeleg store i Vågsøy og stiller igjen med Hogne Bleie. Senterpartiet stiller med den tidlegare fiskarlagsleiaren Nils Myklebust, Einar Oddgeir Midtbø har tidlegare toppa Bryggjalista, men den er historie, og den nye politisk uavhengige lista har fått namnet Tverrpolitisk liste, også den med Midtbø på topp. Venstre stiller med Edvard Iversen, KrF med John Inge Refvik, Raudt stiller liste igjen i år, og har Daniel Henriksson på topp. Lars Kjølen sit i dag i kommunestyret valt inn for Frp, men stiller no på topp for partiet Dei Kristne. SV stiller ikkje liste i Vågsøy denne gongen.

Balansen mellom institusjonsplassar og heimebasert omsorg endar ofte opp som ein spørsmål om økonomi

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Vågsøy har slite med økonomi gjennom mange år. Næringslivet som bygger på fiskeri har svinga, folketalet har minka og arbeidsløysa har vore stor. Kommunen har tidlegare hatt status som omstillingskommune etter at deler av fiskeindustrien vart avvikla. I dei økonomisk pressa situasjonen kommune har vore i har nedlegging av skulane i Holvik og på Bryggja vore på dagsorden i langt tid, men har overlevd til dags dato. Bryggjalista har i fleire år hatt skulesaka som si viktigaste sak. Skulane er framleis til debatt og nedleggingstruga. Samstundes har politikarane vedteke å bygge ny ungdomsskule i Måløy, men her er det fleire parti som ønskjer omkamp og meiner skulen bør ligge på Tennebø.

Vågsøy er også inne i debatten om korleis dei skal prioritere innan eldreomsorga. Balansen mellom institusjonsplassar og heimebasert omsorg endar ofte opp som ein spørsmål om økonomi. I tillegg har Vågsøy der både Frp og Høgre er store, ein debatt om å la private ta over meir av dei kommunale tenestene og oppgåvene, medrekna omsorgsteneste.

I den pågåande diskusjonen om større kommunar ligg Vågsøy på mange måtar i eit «vegkryss». Dei kan tenke nord lang kysten, sør langs kysten og inn langs fjorden. Kanskje er det mest nærliggande ein kombinasjon av alt. Modellen med Vågsøy, Selje, kanskje Vanylven, Eid og Bremanger er det mange som ser som naturleg. Bremanger litt mindre aktuelle enn dei andre av di dei er skeptiske sjølve og fordi fjorden er eit hinder. Enkelte vil også trekke Flora inn i denne modellen. Det blir spennande kva konklusjonar dei mange kommunane trekker når alle utgreiingane er ferdige.