Hopp til innhold

KOMMENTAR: Får Solheim kamp om trona?

Jan Geir Solheim har vore ein markant ordførar i Lærdal, men vil det gje han fornya tillit blant lærdølene?

Jan Geir Solheim

VIL MED VIDARE: Jan Geir Solheim har vore ein av landets mest markante ordførarar dei siste åra.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Katastrofebrannen i Lærdal i januar 2014 gjorde kommune til ein av dei mest omtalte i riksmedia i lang tid, og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) har vore ein dyktig talsperson i media for ein hardt råka kommune.

Etter brannen har han også vore svært mykje brukt på kurs og konferansar landet over for å dele erfaringane Lærdal gjorde då flammane angreip Lærdalsøyri og totalskadde over 40 bygningar og gjorde mindre skade på ytterlegare 20. Til all lukke gjekk ikkje menneskeliv tap, men brannen var den største tettstad/bybrannen i Norge etter krigen. I tillegg kom flaumen i fjor haust. Solheim har gjort ein stor jobb i denne samanhengen.

No skal veljarane i Lærdal seie sitt om Solheim og Sp skal få fornya tillit som ordførar. Kan dei dramatiske hendingane føre Sp endå høgre enn dei 28,7 prosentane oppslutning dei fekk sist, eller har til dømes Solheim si rolle "nasjonal" Lærdalsordførar gått ut over jobben på heimebøen?

Arbeidarpartiet er truleg meir enn klar til å ta over klubba igjen i Lærdal etter at dei hadde den i perioden 2003–2011. Først med Knut O. Årethun og deretter med Arne Sanden. Ved desse to vala fekk Ap godt over 40 prosent oppslutning, men gjorde eit dårleg val i 2011. Kan den nye ordførarkandidaten deira, Kåre Mentz Lysne føre partiet tilbake til gamle høgder?

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) har vore ein dyktig talsperson i media for ein hardt råka kommune

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

I Lærdal stiller vidare Høgre med "veteranen" Trond Øyen Einemo. SV er fornya etter at dagens SV-representantar Jan Olav Fretland og Anna Avdem er plassert godt ned på lista, og Bente Øyen Hauge meldt seg ut av SV og inn i Raudt som ikkje stiller liste i Lærdal. Ny listetopp for SV er Annike Vanberg. For Venstre har Frode Myklebust tatt over topplassen etter Marianne Øren.

Elevtalet ved Ljøsne skule er i nedgang, og skulen treng rehabilitering. Det gjer at enkelte tenker samanslåing. Det litt på bordet forslag om å flytte elevane frå Ljøsne til Lærdaløyri skule. Avstanden er 13 km. Partia deler seg i synet på dette.

Lærdal kom på fylkesmannen si såkalla Robek-liste i 2013, men kom seg ut sist vår etter at dei hadde fått orden på budsjett og økonomiplan. Likevel er økonomien så stram at dei gamle planane om kunstisbane i den gamle senteret for skeisesport her i fylket. Men sjølv om økonomien er stram, er der liten politisk vilje til å innføre eigedomsskatt på bustader i kommunen. Dei kommunale avgiftene er også i underkant av gjennomsnitt i fylket, så innbyggarane i Lærdal kjem billegare ut enn i dei fleste andre kommunar i fylket når det gjeld kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Lærdal jobbar med dette spørsmålet til liks mad alle andre kommunar, og har ikkje kome til nokon endeleg konklusjon dei heller. Problemet deira er at naboen i sør, Aurland vil halde fram aleine og er dermed uaktuell for ekteskap med Lærdal. Den andre naboen Årdal er heller ikkje sikker på om dei vil slå pjaltane sine saman med Lærdal. Andre alternativ meiner mange er lite aktuelle før det kjem bru mellom Fodnes og Mannheller – og den ligg nok langt ute i tid. Så kanskje Lærdal blir "tvinga" til å halde fram aleine?