Hopp til innhold

Kom for å roe bransjefolk som går på milliardsmell

40 prosent av reiselivsbedriftene har permittert tilsette. I går kveld kom næringsminister Iselin Nybø til Sogndal for å roe bransjefolka.

Ståle Brandshaug og Iselin Nybø.

GOD TONE: Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug er glad for at regjeringa med næringsminister Iselin Nybø i spissen lovar fleire tiltak.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det vekte sterke reaksjonar i reiselivsnæringa då næringsminister Iselin Nybø (V) i førre veke bad næringa snakke mindre om krise:

– Vi må slutte å kalle det ei krise og heller finne ut korleis vi skal leve med dette, var beskjeden frå Iselin Nybø (V) under eit møte i Bergen.

Samstundes hadde ho heller ikkje med seg ein eigen krisepakke for reiselivet, sjølv om NHO Reiseliv har bede om ein slik pakke. I ei medlemsundersøking seier 31 prosent av bedriftene at det er reell risiko for konkurs.

Krisepakken var heller ikkje med i bagasjen då Nybø måndag kveld på nytt møtte folk frå bransjen – denne gongen i Sogndal. Her vart ho fortalt om kvardagen i Noregs største distriktsreisemål. Berre i Sognefjord-regionen er det 220 bedrifter som sysselset 1700 personar som lever av turisme.

Tapar det meste

Så langt i år ligg bedriftene an til å tape 70 til 80 prosent av omsetnaden. Det vil seie kring ein milliard kroner berre langs Sognefjorden.

Og beskjeden frå reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord var tydeleg.

– Reiselivet er inne i si desidert største krise nokon gong. Krisa blir langvarig, men dette er ikkje den nye normalen. Ei samla næring treng økonomisk støtte og hjelpetiltak i alle fall ut 2021, var beskjeden hans.

– Reiselivet er ikkje i ein gjenopningsfase sjølv om nokre bedrifter og område har hatt besøk av ein del nordmenn i sommar.

Lova fleire tiltak

Han rosar regjeringa for å ha kome med det han meiner er viktige og gode tiltak. Blant dei er utvidinga av permitteringsregelen frå 26 til 52 veker. Samstundes ønskjer han også blant anna redusert meirverdiavgift, utvida nedbetalingstid av statsfinansierte lån, betre og meir langsiktige økonomiske støttetiltak og at det igjen vert opna for cruisetrafikk.

Brandshaug seier det er viktig for næringa å få fram at krisa ikkje er den nye normalen.

– Den vil gå over, men vi treng langsiktig hjelp for å overleve.

Brandshaug seier møtet var konstruktivt. Han vedgår at han var uroa då han høyrde ministeren i førre veke, men at han etter måndagens møte er roa.

– Vi fekk tilbakemelding på at regjeringa vil kome med fleire tiltak, utan at ministeren var konkret på kva slags tiltak. Eg sit og med eit inntrykk av at dei lyttar og ønskjer dialog med næringa, seier reiselivsdirektøren.

– Forstår alvoret

Nybø på si side seier at ho forstår at situasjonen for bransjen er alvorleg.

– Det er ingen tvil om at reiselivsnæringa er hardt ramma av koronaviruset og smitteverntiltaka. Eg synest vi har god dialog med næringa. Vi er opptekne av å sjå kva regjeringa kan bidra med for å stimulere til aktivitet slik at vi kan handtere kvardagen på best mogeleg måte.

Kva kan regjeringa bidra med?

– Det er den diskusjonen vi har no. Vi har heile tida sagt at vi skal setje ein fot i bakken etter sommarferien. No har vi utvida vi permitteringsregelverket. Det er kanskje det viktigaste enkelttiltaket for reiselivet, seier Nybø.