Kolonne og stengd i fjellet

Det er no innført kolonnekøyring for alle køyretøy på riksveg 13 over Vikafjellet. På Hardangervidda er det no stengd for personbilar og innført kolonnekøyring for tunge køyretøy. Det er meldt kraftige vindkast på Vestlandet sør for Stad denne helga.