Hopp til innhold

Blodig sjåfør funnen haikande på E16

Mannen stakk til skogs etter ei alvorleg trafikkulukke på E16 i 15-tida. Fire timar seinare fann politiet han då han stod og haika på same vegen.

E16, Vaksdal

– Han klaga på smerter, hadde vondt i ankelen og blødde frå ei rekke sår, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit om mannen dei fann langs E16 i 19-tida.

Det var fire timar etter ei ulukke der mannen hadde vore involvert som ein av tre sjåførar.

Naudetatane rykka litt før klokka 15.00 ut til Vaksdal etter melding om ei trafikkulukke ikkje langt frå Jamnatunnelen på E16. To personbilar og ein lastebil hadde kollidert på den tungt trafikkerte vegen.

Stakk av etter ulukka

Det sat ein person i kvar av bilane. Sjåføren i den eine bilen vart frakta til sjukehus, medan lastebilsjåføren ikkje vart alvorleg skadd.

Den tredje av dei involverte stakk av frå ulukkesstaden. Etter ulukka sette politiet i gang leiting etter mannen.

– Føraren av den eine personbilen har stukke av frå staden, og me har ikkje funne han. Me har ein hundepatrulje på plass som leitar i terrenget etter han, då vi trur han har stukke av til skog, sa Kolltveit i ettermiddag.

Folk som sat i dei lange køane fortalde til NRK at politiet går frå bil til bil og spør om folk har sett ein blodig person forsvinne frå staden.

Dukka opp til slutt

Etter å ha vore sporlaust borte i fleire timar, dukka han altså til slutt opp.

– Det var ein patrulje som hadde blitt verande i området for å leite langs sjølinja som køyrde langs E16. Der dukka han opp i vegen, medan han stod og haika, seier Kolltveit.

Mannen i 50-åra var altså både blodig og forslått, og sa til politiet at han trengde legehjelp. Han vart frakta til Haukeland sjukehus i ambulanse, men vert også følgd opp av politiet.

– Vi har god grunn til å tro at han har køyrt bil i påverka tilstand. Vi har teke ein blodprøve av han, etter dei vurderingane patruljen gjorde på staden. Det er oppretta sak.

– Det er heller ikkje bra at han stakk av frå ulukkesstaden, legg operasjonsleiaren til.

E16 opna raskare enn trudd

Kollisjonen har skjedd om lag 200 meter frå Jamnatunnelen på Dale-sida.

Statens vegvesen melde i 16.30-tida at vegen ville vere stengt til klokka 19.00. Tre kvarter seinare vart vegen opna.

– Det har nok gått fortare enn ein trudde å fjerne vogntoget som låg i vegen. Nokre bilar har køyrt ein lokal omkøyringsveg, men det er nok ein del kø på staden, seier vaktoperatør Jan Marøy i Statens vegvesen.