Kollisjon på Bømlo

Ein person er frakta til Stord sjukehus for kontroll, etter ei ulykke på Bømlo. Ein bil og ein motorsykkel kolliderte om lag klokka 6 på Bremnes. Det er føraren av motorsykkelen som er tatt med til sjukehus. Han hadde smerter i nakken, opplyser politiet til NRK.