Hopp til innhold

Buss og bybane kolliderte: – Eg vart skikkeleg redd

NONNESETER (NRK): Fleire ruter i bybanevogna knuste etter å ha kollidert med ein buss i Bergen sentrum. Fem passasjerar har fått lettare skader.

Knuste ruter på bybanevogn ved Nonneseter

KNUSTE RUTER: Fleire ruter på bybanevogna har knust i samanstøyten med ein buss ved Nonneseter stasjon.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Like etter klokka 09.00 kolliderte ein buss og ei bybanevogn ved jernbanestasjonen i Bergen.

– Det er melding om mykje knust glas som har ført til at nokre passasjerar blør, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt då naudetatane kom fram til staden.

Det var ingen passasjerar om bord i bussen. Men fleire ruter på bybanevogna knuste og det førte altså til skader på fleire passasjerar.

– Fem personar har fått lettare skader etter å ha fått glasbrot over seg. To av dei er sendt til legevakta, fortel innsatsleiar Synnøve Malkenes i politiet.

Brannmannskap ryddar opp i glasbrot.

GLASBROT: Brannmannskap ryddar opp i bybanevogna som kolliderte med buss.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Passasjer: – Det var veldig skummelt

NRK har snakka med ein av passasjerane på bybanevogna. Ho ynskjer å vera anonym, men er framleis godt skjelven etter kollisjonen med bussen.

– Vi skjønte ikkje heilt kva som skjedde. Det var veldig skummelt. Eg trur eg såg at det var bussen som køyrde i oss, fortel ho.

Etter kvart kom ambulanse til staden og tok hand om skadde. Passasjeren fortel at det var ekkelt å sitje lenge i vogna, fordi ho var redd fleire ruter skulle knuse.

– Nokre ruter knuste lenge etter kollisjonen. Eg såg fleire som fekk glasbrot på seg. Så eg vart skikkeleg redd.

Innsatsleiar Synnøe Malkenes

NAUDETATAR: Innsatsleiar Synnøve Malkenes i politiet.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Trefte bybanevogna i sving

Nonneseter ligg mellom Bystasjonen i Bergen og endestoppet for Bybanen i Byparken. På denne strekninga køyrer bussar og bybane i same trasé.

Innsatsleiar Synnøve Malkenes fortel at bussen var på veg frå sentrum mot Bystasjonen. Bybanen kom sørfrå og skulle inn til endestoppet i Byparken.

– Dette var ein lang leddbuss, så når den skulle svinge av Kaigaten og inn mot Bystasjonen, så slo bakenden på bussen inn i bybanevogna som kom i motsett køyreretning, forklarer innsatsleiar.

Bybanen var innstilt mellom Byparken og Nygård stasjon ved Media City Bergen. Klokka 10.00 er heile linja open for trafikk igjen.

KOLLISJON: Nonneseter bybanestasjon ligg like ved jernbanestasjonen i Bergen.