Hopp til innhold

Kollisjon i Florø sentrum

Ingen personar kom til skade då to bilar kolliderte i Markegata i Florø ved 18.30-tida fredag kveld.

Ulukka skjedde då ein bil skulle svinga av til høgre. For å unngå kollisjon, svingte den bakerste bilen ut i vegen. Då kolliderte den i staden med ein møtande bil.

Bilane fekk berre mindre materielle skader.

Sjåførane melde sjølve frå til politiet.