Tende faklar lyste opp ein mørk haustkveld i Askvoll. Over hundre personar hadde møtt opp i sentrum for å minnast den omkomne mannen. Blant fleire titals stearinlys og faklar, lyste det ei enkel stjerne.
Det var sundag kveld at mannen blei funnen i sjøen, nord i Granesundet.
– Det var veldig spesielt, men godt å finne han, seier operativ leiar i DOF Subsea, Narve Våge, til NRK måndag føremiddag.
Reiarlaget der den sakna jobba deltok i leitinga med ankerhandteringsfartøyet «Skandi Iceman». Ved hjelp av avansert undervassteknologi fann mannskapet kollegaen på 180 meters djupne.
Ikkje formelt identifisert
Den omkomne personen er formelt ikkje identifisert enno, men politiet er sikre på at det er den sakna personen dei har funne.
– Han er funnen i det mest aktuelle området som vi hadde peika ut for søk under vatn. I tillegg har vi ingen andre personar som er meldt sakna i området, seier tenestadleiar i politiet, Åge Løseth til NRK.
Personen vil verte obdusert i løpet av denne veka.
DAG OG NATT: Fleire hundre personar har leita dag og natt etter at mannen vart meldt sakna torsdag ettermiddag.
Foto: RedningsselskapetLeita dag og natt
Mannen vart meldt sakna torsdag ettermiddag etter at vedkomande ikkje kom heim etter å ha vore på sjøen for å sjå etter krabbeteinene.
Store styrkar har leita dag og natt etter mannen. I tillegg til mannskap frå politiet, kystvakta, brannvesenet og helsevesenet, har svært mange frivillige delteke i leitinga. Løseth fortel at det fredag deltok 160 frivillige, medan talet var 140 – 150 på laurdag og 120 på søndag. I tillegg har mange båtar delteke i søket, i tillegg til folk som har hjelpt til med mat og husrom til leitemannskapa.
Familien takkar dei frivillige
Løseth er imponert over korleis bygdefolket har stilt opp i den vanskelege situasjonen.
– Det hadde vore umogeleg å gjennomføre denne aksjonen på ein god måte utan all den frivillige hjelpa vi har fått. Familien har og uttrykt stor takksemd for at bygdefolket har stilt opp på denne måten.
TAKKNEMLEG: Tenestestadleiar i politiet, Åge Løseth, seier det ville vore umogeleg å gjennomføre leiteaksjonen på ein god måte utan hjelp frå dei frivillige.
Foto: Ole André Rekkedal / NRK