Hopp til innhold

Blei vitner til knivangrepet på Nav-kontoret: – Det var så massiv vald og aggresjon

Mange vart vitne til drapet på Nav Årstad, som skjedde rett ved publikumsmottaket. Nav-kollegaer som sprang til for å hjelpe gav sterke vitneskildringar til retten.

Samtalerommet på Nav Årstad, på avstand

ÅSTADEN: På samtalerommet innerst i publikumsmottaket skjedde drapet og drapsforsøket.

Foto: Politiet

– Eg høyrde ein brutal lyd frå mi høgre side. Eit dødsskrik som eg aldri før har høyrt, fortalde den svært prega mannen som tysdag inntok vitneboksen i rettssal 4B i Hordaland tingrett.

Sosionomen skulle i møte med seksjonssjefen på Nav Årstad denne dagen. Akkurat samstundes sat ein 40 år gamal mann inne på eit samtalerom inst i publikumsmottaket.

Så tok 40-åringen ein kniv opp frå sekken og gjekk til åtak på avdelingsleiar Marianne Amundsen (57) og kollega Ida Aulin (30).

– Forsvarslause

Mannen, og fleire andre i publikumsmottaket, blei vitne til angrepet. Halve samtalerommet har glasvindauge ein kan sjå gjennom.

– I kjappe bevegelsar reiste han seg opp og angreip dei, sa vitnet, og reiste seg i vitneboksen for å syne korleis den tiltalte slo til kvinnene med kniven.

Amundsen vart drepen, medan Aulin kom seg ut av samtalerommet, men fekk tre knivstikk.

– Eg ville hjelpe. Men så såg eg den forferdelege store kniven. Eg stivna rett og slett. Han var svart i blikket og auga. Full av hat, fortalde sosionomen som stod lenger nede i publikumsmottaket og såg det som skjedde.

– Eg har framleis så dårleg samvit for at eg ikkje gjorde noko. Eg svikta dei rett og slett, sa mannen gråtande og la ansiktet i henda sine.

Les også Så kollegaen bli drept under Nav-angrepet: – Hun ble fanget i rommet

Tiltalte og advokat Morten Grimstad i rettssaken etter Nav-angrepet

Gav førstehjelp

Ein anna Nav-tilsett hadde sin sjette arbeidsdag på Nav Årstad denne dagen. Då han høyrde skrik og bråk frå publikumsmottaket, gjekk han ut for å sjå.

Han opna ei dør som har det aktuelle samtalerommet rett til venstre for seg. Gjennom glasvindauga såg han tiltalte gå til angrep på Amundsen.

Vitneboksen under rettssaken etter Nav-angrepet

RETTSSAK: Det var mange vitner til hendinga på Nav Årstad i september i fjor og mange av dei er kalla inn til retten for å fortelle om det dei såg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Då låg ho på golvet, medan den tiltalte 40-åringen stod over henne.

– Eg har aldri sett nokon slå så raskt. Det var massiv vald og aggresjon. Det var heilt ekstremt, sa vitnet.

Han ville hjelpe til, men døra inn til rommet var låst. Då gjekk han for å hente ein stol til å knuse glasveggen med. Men då han kom tilbake stod tiltalte i døropninga med kniven i handa.

– Eg gjekk inn i rommet, låste døra bak meg og sette meg på kne ved sidan av Marianne for å hjelpe. Men det var ingenting eg kunne gjera. Eg ropte til kollegaen min at «han har drept henne».

– Kva faen er det du har gjort?

– Eg har aldri sett eit slikt blikk, i mine mange år i sosialtenesta, sa den tredje Nav-kollegaen som fortalde retten om hendinga tysdag.

Han kom ut i publikumsmottaket for å hente ein brukar, då han høyrde nokon skrike «han har kniv». Ute i mottaket kom kollega Ida Aulin flyktande mot han frå samtalerommet.

– Ho var heilt grå i ansiktet. Det var tøft å sjå.

Medan den andre kollegaen gjekk inn for å sjå til Amundsen, stod han att saman med tiltalte ved døropninga til samtalerommet.

– Då snakka eg til han. «Kva faen har du gjort», sa eg til han. Då svara han gjentekne gonger at «Mitt liv er over. Mine barn er tatt frå meg».

Gjekk til angrep på tiltalte si forklaring

Den andre rettsdagen etter drapet på Nav Årstad byrja med at den tiltalte 40-åringen fekk halde fram si forklaring til retten.

Måndag fortalde han retten at han ikkje hugsa noko frå drapsdagen. Han hadde i ein lang periode hatt det vanskeleg og høyrde «stemmer i hovudet».

– Eg var ikkje meg sjølv den dagen, sa 40-åringen frå vitneboksen.

Hans forsvar er at han var utilrekneleg på drapsdagen. Sjølv om han sa at han ikkje hugsa noko, kunne han likevel hugse at han var misfornøgd med behandlinga han hadde fått av Nav gjennom fleire år.

Tiltalte og advokat Morten Grimstad i rettssaken etter Nav-angrepet

HUGSAR IKKJE NOKO: Den tiltalte 40-åringen seier i retten at han ikkje hugsar noko frå drapsdagen. I politiavhøyr har han derimot forklart seg meir detaljert om det han er tiltalt for å ha gjort. Forsvarar Morten Grimstad i bakgrunnen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Statsadvokat May-Brit Erstad meiner at han var tilrekneleg og at han handla med forsett.

Tysdag gjekk ho til angrep på forklaringa om at han ikkje hugsa noko. For i totalt seks møter med politiet har han nemleg forklart seg om kva som skjedde inne på samtalerommet.

– Eg mista besinnelsen. Og gjekk til angrep på henne, sa han i politiavhøyr same dag.

– Har det skjedd noko det siste halve året som gjer at du ikkje hugsar noko frå den dagen lenger?, spurte statsadvokat May-Brit Erstad.

– Nei. Eg har sagt at eg ikkje hugsar noko, svarte tiltalte.

Les også Bistandsadvokat etter Nav-drapet: – Nav burde beklage offentleg, for det har dei aldri gjort

Nav-samtalerom på Årstad i Bergen

Vrangførestilling

Spørsmålet om han var tilrekneleg eller ikkje er heilt sentralt i rettssaka.

Rettspsykiatriske sakkunnige følger heile rettssaka for å gi si vurdering til dommarane undervegs.

Under forsvarar Morten Grimstad si utspørjing av tiltalte, kom det fram at han i 2016 fekk diagnosen schizofreni og at han også har vrangførestillingar.

Diagnosen fekk han etter å ha vifta med kniv framfor to kvinner på Fantoft året før.

Forsvararen fortalde retten på første dag at tiltalte i mange år har trudd han er far til eitt barn. Politiundersøkingar har vist at barnet ikkje eksisterer.

– Denne vrangførestillinga har han framleis, sa Grimstad til retten måndag.