Kokkelærlingar får utdanninga forseinka: – Tenker på å slutte kvar dag

Permitteringar i serveringsbransjen fører til forseinkingar i utdanninga for mange lærlingar. – Ei gløymd gruppe i pandemien, seier restaurantsjef.

Kokkelærlingar Sindre Myre og Synne Setre.

MISTAR LÆRETID: Kokkelærlingane Sindre Myre og Synne Birkeland Seter har mista åtte månader av læretida ute i bedrift, grunna koronapandemien.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

På Restaurant 1877 i Bergen vitnar visnande påskeblomar i vindaugskarmen om endå ei stenging.

Lærlingar i restaurant- og hotellbransjen merkar konsekvensane. Anten på grunn av nedstenging eller skjenkestopp, har restaurantar måtte permittera tilsette.

Lærlingar har difor mista store delar av læretida si, og får dermed ikkje teke fagbrevet sitt til normert tid.

For dei som vil ta vidare utdanning, skapar dette utfordringar.

– Demotiverande

Synne Birkeland Seter (19) er ein av desse. Planen var å ta påbygg til hausten, for å få generell studiekompetanse. No er alt usikkert.

Ho manglar åtte månader med læretid, men har fått eit frådrag på tre månader.

Anten må ho legge planane om påbygg på vent, for å ta igjen dei fem månadane med læretid, eller så må læretida vente til ho har fullført året med påbygg.

– Det var jo alltid kokk eg ville bli, men no kjennest det ikkje så trygt.

Ho fortel at året som har gått har slått sprekkar i motivasjonen til å fortsette kokkeutdanninga.

– Eg tenker på å slutte kvar dag. Det som held meg frå det, er at då vil all tida eg har brukt på utdanninga vere bortkasta.

Medlærling Sindre Myre (19) seier det gir energi og motivasjon å gå på jobb, men at dét er vanskeleg å halde på når restauranten er stengd.

– Då sit eg heime og kjedar meg som eit stort spørsmålsteikn og lurer på kva som skjer.

Johan Johansen

KINKIG: Johan Johansen ved opplæringskontoret meiner lærlingane står i ein veldig kinkig situasjon.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Fell mellom to stolar

Opplæringskontoret for hotell- og restaurantfag skal legge til rette for best mogleg opplæring for lærlingar i medlemsbedriftene sine.

Johan Johansen ved opplæringskontoret er redd for at Synne og andre i liknande situasjon droppar ut.

– Dette kullet fell mellom to stolar. Vi rår dei til ikkje å utsette læretida, for då er det stor fare for at dei ikkje kjem tilbake og fullfører.

Christine Bollman Lie, dagleg leiar i Restaurant 1877 og Cornelius.

BEKYMRA: Dagleg leiar Christine Bollman Lie er bekymra for at mange vil falle frå utdanningen sin, grunna pandemien.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Etterlyser pengestøtte

Dagleg leiar Christine Bollman Lie ved Restaurant 1877 og sjømatrestauranten Cornelius er uroleg for dei unge lærlingane.

– Dette er ei gløymd gruppe i denne pandemien, som no har fått sett utdanninga si på vent, seier ho.

Både Sindre og Synne er lærlingar på Cornelius, som har blitt spesielt hardt råka av pandemien. Årsaka er at restauranten ligg ute på ei øy, og er avhengig av bedriftsmarknaden.

Bollman Lie etterlyser målretta tiltak for å hjelpe lærlingane å få teke fagbrevet sitt.

– Hadde vi fått lønnskompensasjon for å halde fagansvarlege i arbeid, slik at dei kunne ta seg av lærlingane, så kunne vi gjort dette på ein enkel måte, seier ho.

Bekka Skaasheim er assisterande direktør i Vestland fylkeskommune, som er ansvarlege for lærlingane si utdanning.

– Det har vore sett i verk tiltak for at lærlingar skal få gjennomført fagbrev og svenneprøve etter ein progresjon som er nært opp til den dei hadde hatt om det ikkje var for pandemien.

Ho understrekar at dette også inkluderer økonomiske midlar.

– Gjennom nasjonale løyvingar har fylkeskommunen tildelt midlar som alle bedrifter og opplæringskontor har hatt moglegheit til å søke på.