Hopp til innhold

Kø på E16 etter trafikkulukke

Det er kø i begge retningar på E16 etter at ein bil har velta og hamna på sida mellom Tvinnofossen og Vossevangen. Austgåande felt er sperra som følgje av ulukke. Politi og ambulanse er på staden. Ifølgje ein tipsar skal passasjerane i ulukka ikkje vere alvorleg skadde.