Horn kom køyrande på riksveg 617 mellom Måløy og Raudeberg kring klokka 22 i går kveld, då det brått rasa frå fjellsida over han.
- Først traff ein stor stein frontruta. Den fauk fram på vegen, og eg køyrde over den. Så eksploderte sidevindauget. Til slutt køyrde eg inn i ein stein på over eit halvt tonn. Det var bom stopp, seier han.
Hovudet i frontruta
Horn dundra hovudet i frontruta i samanstøyten med den massive steinblokka, og knuste brillene, men fekk ikkje skader på auga, og heller ikkje omfattande skader elles på kroppen.
- Nei, litt stiv i nakken er eg, men elles går det bra, seier Horn, som fortel at setet var fullt av mold og glasbitar då han gjekk ut etter samanstøyten.
Vegen er open
Statens Vegvesen er såpass sikre på at rasfaren ikkje er overhengande, at dei vel å halde vegen open inntil vidare.
Folk frå Mesta har vore på staden i dag, og ut frå det dei kunne sjå trass i dårleg sikt og dårleg vér, verka det roleg. Det fortel Odd Andre Rustad i Vegvesenet.
Han reiser sjølv opp til rasstaden i ettermiddag for å forsøke å kartlegge kvar raset kom frå, og kor stor faren er for nye ras i området.