OPPVARMING: Sogndal-spelarane varma opp utanfor bana.
SÅR: Grasmatta bar tydeleg preg av at det framleis er tidleg vår.
ENDELEG: Ventetida er over for Saftkokaradn. Eliteseriesesongen 2011 er i gang...
ENDELEG: Heimepublikumet meir enn klar for action.
KLAR: Desse 11 starta mot Odd Grenland.
VIP: Fylkesordførar Nils R. Sandal, saman med fylkesrådmann Jan Øhlckers.
LUKKE TIL: Kapteinane Morten Fevang og Eirik Bakke før kampstart.
DUOEN: Cato Hansen og Ulrik Flo starta på topp for Sogndal.
MÅL: Torgeir Børven har nett gjeve Odd 1-0.
DUELL: Cato Hansen mot Paul Addo og Jone Samuelsen.
KJENT DRIV: Henrik Furebotn lurer av Simen Brenne.
KORT TID: Per Egil Flo fekk ikkje mange minutt på bana for Sogndal.
SKADD: Per Egil Flo fekk tidleg ein smell...
... og måtte byttast ut med Ørjan Hopen.
KONTROLL: Odd Grenland med kontroll på Fosshaugane.
HEMN: Eirik Bakke feira si kanonscoring framfor tilreisande Odd-supporterar.
MANGE DUELLAR: Kampen mellom Sogndal og Odd vart ein kamp med mange duellar, frispark og ikkje minst flotte scoringar.
SKOTFOT: Jone Samuelsen var god mot Sogndal og viste fram skotfoten sin på 2-1 målet.
MANGE FRISPARK: Ole Jørgen Halvorsen lite nøgd med at gjestene frå Skien får mange frispark.
MÅL: Jone Samuelsen jublar over scoringa si.
PRØVER IGJEN: Torgeir Børven testar skotfoten igjen, men blir nekta av treverket.
MÅL: Eirik Bakke og Ørjan Hopen ser ballen sprette i mål til 3-1.
GULT KORT: Torgeir Børven får kampens første gule kort etter ein duell med Even Hovland.
GØY PÅ LANDET: Oddrane fekk poenga dei kom for.
PASSIAR: Harald Aabrekk og Frode Johnsen i hyggeleg passiar under kampen.
MÅL: Erik Midtgarden kom inn som innbyttar og kunne minuttet seinare stange inn 4-1.
UTSPELT: Sogndal hadde aldri tapt for Odd Grenland på Fosshaugane, men måtte resignere i årets andre seriekamp.
TILBAKE: Heimvende Frode Johnsen mot Isak Scheel. Johnsen og Odd kom sigrande ut av dei fleste duellane.