Hopp til innhold

Knivstikkinga i Gaupne: Fleire avhøyr søndag

To av dei sikta tenåringane etter knivstikkinga i Gaupne vi bli avhøyrde søndag, opplyser jourhavande jurist Ingeborg Drægebø.

Forsvar til ein av dei sikta som skal bli avhøyrt i dag, Kim Villanger, seier før avhøyret at hans klient ikkje erkjenner straffeskuld.

I eit skogholt i Gaupne i Luster blei ein mann i 50-åra fredag ettermiddag angripen av fleire maskerte tenåringar.

Fem gutar er sikta for grov kroppsskade eller medverknad til det. Tre av dei blei avhøyrde laurdag.

Ein av dei erkjenner ikkje straffskuld, mens den andre har knytt seg til hendinga. Forsvararen til den tredje guten vil ikkje kommentere saka.

– Vi jobbar med å få mest mogeleg informasjon, men det er for tidleg å komme med fleire detaljar i dag, seier Drægebø søndag morgon.