Hopp til innhold

Gut (16) rana med kniv i Bergen

Tre maskerte menn truga tenåring med kniv. Politiet jaktar på gjerningspersonane.

Knivran i Bergen

LEITAR ETTER GJERNINGSPERSONANE: Politiet på plass i Lille Øvregaten i Bergen, der dei leitar etter tre maskerte menn som skal ha rana ein gut (16).

Foto: Christian Lura / NRK

Meldinga om ranet kom inn til politiet klokka 07.20.

Den fornærma, ein 16 år gamal gut, har fortald politiet at han på veg til jobb møtte tre delvis maskerte menn som snakka gebrokkent norsk. Dei stoppa guten på Vetrlidsalmenningen, og skal så ha tatt han med seg inn i Lille Øvregaten.

– Tenåringen er handverkar og vart fråteken ein kniv. Denne kniven brukte dei til å truge han med. Dei har fått med seg ein del personlege eigedelar, mellom anna ein ryggsekk og eit kredittkort, fortel innsatsleiar Casper Kaland til NRK.

16-åringen har sluppe fysisk uskadd frå ranet og blir ivareteken av politiet.

Innsatsleiar Casper Kaland i Lille Øvregaten

SKJEDDE HER: Innsatsleiar Casper Kaland viser kor ranet skjedde. I bakgrunnen ligg Vetrlidsalmenningen.

Foto: Christian Lura / NRK

Leitar etter gjerningspersonane

Dei tre gjerningspersonane skal etter ranet ha stukke av i retning Fløibanen/Skansen. Guten melde sjølv frå om ranet, og har gitt politiet ei skildring av dei tre mennene.

Dei skal vera i 20–25 årsalderen, snakka gebrokkent norsk og hadde på seg svarte boblejakker. Dei var også delvis maskerte med kvite og svarte skjerf.

– Vi har gjort eit avhøyr av guten på staden, og no søkjer vi etter dei mistenkte. Vi har fleire patruljer ute på søk, fortel Kaland.

Politiet ber om tips i saka. Dei kan meldast inn på telefon 02800.

gut (16) rana i bergen