Knaska to tonn snop på 14 dagar

Salet av smågodt i Sogndal går over alle støvleskaft. To tonn på 14 dagar er søt musikk for Narvesen.

Per Sverre Moe saman med distriktssalssjef i Reitan Servicehandel, Per Vidnes.
Foto: Arne Eithun / NRK

- Det er heilt kaotisk her. Spesielt på laurdagar. Då er vi oppe i 250 til 300 kilo på ein dag. Det er temmeleg mykje det, seier Per Sverre Moe.

To tonn på 14 dagar

Moe styrer Narvesen-kioskane i Årdal, Høyanger og Sogndal. Internt i kjeda går Moe for kallenamnet Sognekongen. Kanskje ikkje heilt utan grunn, men kanskje smågodtekongen er eit minst like passande namn. I alle fall no i ein pågåande kampanje med billig smågodt. Sogndal er kun slått av dei aller største - Sentralstasjonen i Oslo, Bystasjonen i Bergen og Trondheim Torg - og det med liten margin.

- I dag passerer vi to tonn, på litt over to veker. Vi har mange som hamstrar til jul, men som kjem att berre nokre dagar seinare fordi dei har ete det opp. Det er eit godt teikn, gliser Moe.

- Tannlækjarane skal også ha jobb

Sogndølen legg spøkefullt til at målet er å auke snittvekta på ein kvar sambygding med halvkiloen på tre veker. Og noko dårleg samvet har han heller ikkje.

- Det er mange tannlækjarar i Sogndal, og dei skal ha arbeid dei også, ler han og legg til at bygda tradisjonelt ligg høgt på statistikken over smågodtesal. Også utan kampanjar. For sure føtter, krokodiller, smukkar, sjokolad, karamellekonfekt og andre sukkersprengte freistingar går stort sett unna som varmt kveitebrød.

Viktig med aktivitet

Skal ein tru Kolbjørn Rydvang ved Idrettssenteret i Sogndal, gjev ein kveld med smågodteposen ei heller vanskeleg utfordring å halde "forma". Ein halvtimes spasertur eller joggetur er nemlig ikkje nok for å få godt samvet etter nokre hektogram med krokodillar, smokkar og festkarameller.

- Skal ein ete godteri og usunne ting, så er det viktig å halde oppe aktiviteten. Det er ein kombinasjon av styrketrening og uthald som er viktig. Styrketrening fordi då har du muskulatur som forbrenn kaloriar om du har aktivitet eller ikkje, seier gledesdreparen.